Tarjei Romtveit 1925-2023

Det var med sorg og vemod me mottok meldinga om at Tarjei Romtveit gjekk bort 11. juli 2023, nær 98 år gamald.

Tarjei blei utnemnt til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn på Landskappleiken i Odda i 1984, og me heidrar han i dag – for den framifrå beraren av eit særmerkt hardingfelespel han var, og for det rause og venlege mennesket han var.

Tarjei Romtveit var musikalsk leiar for Vinje Spelemannslag frå starten i 1953. I mange tiår var han formann i laget. Han dreiv eit omfattande opplærings- og rekrutteringsarbeid mellom unge spelemenn i Vest-Telemark, og var ein trufast tradisjonsberar både av levande spel og tradisjonsstoff kring spelemenn og slåttar. Med si høgstilte fele og drivande spel var han ein framifrå talsmann for det særmerkte innan felespelet i Vest-Telemark.

Tarjei kvalifiserte seg for A-klassa fyrste gong han stilte på landskappleik i 1968, og hadde ei mengd fyrstepremiar frå ulike kappleikar.

Både som utøvar og læremeister sette han spor etter seg i heile sitt vaksne liv, særleg til glede for det miljøet han vaks opp i og arbeidde i all sin dag. Men også for folkemusikkelskarar utover i landet var han eit stort namn, gjennom deltaking på landskappleikar og med innspelingar i kringkastinga.

Det er trist at Tarjei Romtveit ikkje lever lenger. Men minna og tonane etter han vil leva vidare så lenge det er folk i bygdene. Me lyser fred og signing over Tarjei Romtveits minne.

Biletet er teke i samband med 95 års dagen til Tarjei.
Foto: Kristian Ihle Hanto. 


Framsida av magasinet Folkemusikk nr 4/2012.