Finale i INTROfolk 2020
3. oktober 2020 på Atlungstad Brenneri, Stange

INTROfolk vart i 2020 gjennomført utan semifinalar, da festivalane som skulle huse desse ikkje blei arrangert som planlagt. Finalistane Rasmus Kjorstad, Alexander Røynstrand, Mads Erik Odde, Sigrid Stubsveen og Bendik S. Qvam spelte kvar sin konsert på 30 minutt. Sjette og siste finalist Malin Alander var sjuk, og måtte diverre melde avbod til finalen.

Innleiingsvis vil juryen takke alle finalistane for gode konsertar. Alle utøvarane held eit veldig høgt nivå, og gav oss store musikalske opplevingar. Dette er musikarar vi kjem til å høyre mykje frå i åra som kjem, og fleire av dei er allereie godt etablerte utøvarar. Like fullt hadde juryen den særs vanskelege oppgåva å velje ut den eine som kan smykke seg med tittelen «Årets unge folkemusikar 2020»

Årets unge folkemusikar 2020
Vinnaren har eit godt og kraftfullt spel, som både kan eggje til dans og gje gode konsertopplevingar. Samtidig får vi høyre det vare og mjuke i musikken, der det har sin rettmessige plass. Slåttane er framført med stødig tonalitet som endrar seg med dei ulike slåttane og kjeldane, noko som gjev ein fin variasjon gjennom konserten.

Juryen vart grepen av ei flott og personleg forteljing, framført på ein avslappa og naturlig måte. Vi fikk levande skildringar av kjeldene, om livet deira og forhold til musikken, og vart gjennom det litt meir kjent både med tradisjonen og med utøvaren sjølv. Det var god heilskap mellom det som vart fortalt og framføringa av musikken.

Vinnaren av INTROfolk 2020 står fram som ein heilstøypt solist, men brukar og musikken sin i mange ulike høve og samansetningar. Utøvaren har lagt ned eit stort arbeid i å hente fram tradisjonsmusikken frå sitt område, og vi fikk òg eit glimt av en komponist som står støtt i tradisjonen.

Årets unge folkemusikar 2020 er Sigrid Stubsveen!


Jury for INTROfolk 2020

Ragnhild Knudsen – Seljord
Inge Gjevre  – Lillehammer
Terje Foshaug – Målselv

 

Kva er INTRO-folk?
«INTRO-folk — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. INTRO-folk er ein musikkonkurranse. I tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå, og der eit breitt publikum kan lære å kjenne dei som musikkutøvarar. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira. Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Fortsatt samarbeid med Gramo
– Gramo er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om Introfolk 2020. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme ny norsk musikk, og dette er en fin mulighet for oss til å støtte unge lovende talenter i startgropa av karrieren. Gramo gratulerer Sigrid Stubsveen som «Årets unge folkemusiker 2020» – og vinner av Gramo-stipendet på 100.000 kr! – Suzanne Nyhuus, Gramo.

Godt samarbeid med festivalar
FolkOrg har hatt godt samarbeid med ulike festivalar for å avvikle semifinalane i INTROfolk. I år skulle semifinalane spelast på Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Farsund Folk Festival. Sjølv om det ikkje vart noko av semifinalane i sommar, har likevel alle tre festivalane støtta opp om INTROfolk. Vi er glade for at dei alle difor er med som sponsorar saman med GRAMO. Premien, på 100 000 kroner, til den som er kåra som Årets unge folkemusikar 2020 er gjeve i sin heilheit av GRAMO.

Vinnarar av INTRO-folk er:

2020: Sigrid Stubsveen
2018: Ole Nilssen
2015: Odde & Holmen
2012: Erlend Viken
2009: Kim André Rysstad
2007: Benedicte Maurseth
2005: Majorstuen

 

Sigrid Stubsveen får 100 000 kroner i GRAMOstipend, her kan du sjå GRAMO gratulere Sigrid med prisen!
Sigrid Stubsveen er ÅRETS UNGE FOLKEMUSIKER 2020!

Våre samarbeidspartnere

Film av Filmselskapet Fabelaktiv – Pål Bratås
Hovedsponsor for INTROfolk er GRAMO
Festivaler som støtter INTROfolk i 2020 er
Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Farsund Folk Festival
Forsidebilde av Bjørnar Morønning
Vignett av Kultursmia – Ronny Kjøsen
Opptakene er gjort på Atlungstad Brenneri i sammarbeid med Stange kommune, Hamar kommune og Løten kommune
Eier av prosjektet er FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans
Prosjektet er støttet av Kulturrådet