Semifinalistar i INTROFOLK 2022

Foto: Gudrun Semons

Andrea Søgnen – Langeleik

Langeleikspelet til Andrea har røter i Hallingdalstradisjonen. Dei seinare åra har ho i tillegg utvikla spelet til å og omfavne repertoar og spelestil frå både Valdres og Telemark.

Andrea er bachelorstudent på Universitetet i Sørøst-Norge der ho blant anna har utvikla interessa for å overføre låttar frå andre instrument til langeleiken. Andrea opplev at det er eit begrensa repertoar frå Hallingdal, og ho synes det difor er spanande og gøy å utvikle flere låtter tilpassa langeleiken. Andrea brenn for at meir material skal verta tilgjengeleg for langeleiken og for at fleire skal få augo opp for instrumentet. Draumen er å gje ut ei plate som skal innehalde ulike typar teknikkar og spelestilar og som forhåpentlegvis vil bidra til at fleire både vil høyre på, og ta i bruk låttane.

 

Semifinalistar i INTROFOLK 2022

Foto: Amanda Iversen Orlich

Eir Vatn Strøm – vokal, kraviklyre og live-elektronikk.

Soloprosjektet til Eir er ein kobinasjon av låtskriving og arrangering av tradisjonelle tekstar og melodiar. Instrumentet hennar er ei samansetning av vokal, kraviklyre og live-elektronikk.

Eir har ein bachelorgrad i norsk folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole, og har og teke studiet «Live Electronics», der ho blant anna eksperimenterte med lys. Eir brenn for at musikken skal nå ut til alle typer publikum og har eit ønskje om å gjera folkemusikk like populært som popmusikk. Ho beskriv musikken sin som «minimalistisk og groove-basert» som hell mot elektronisk folkemusikk. Eir komponerar mykje av musikken sin sjølv, samtidig som ho finn inspirasjon i salmer og skillingsviser. Eir seier sjølv at tekstane hennar gjerne har eit nitrist innhald nettopp fordi ho let seg inspirere av salmar og skillingsviser.

 

Semifinalistar i INTROFOLK 2022

Foto: Johannes Selvaag

Hans P Kjorstad – Fele og vokal

Hans vaks opp i Gudbranddalen og ønskjer med solospelet sitt å presentere tradisjonelle slåttar og songar som han har med seg frå oppveksten. Hans har lært mykje frå ulike kjelder både gjennom opptak og direkte frå ulike utøvarar.

Hans freistar å forme musikken sin til ein kombinasjon av slik det var gjort før han, og slik han sjølv tykjer det let best. Hans spelar mest fele, men han er heller ikkje framand for å syngje eller spele harmonium. Sjølv om Hans i ei årrekkje har spelt i mange ulike samspelprosjektprosjekt så arbeider han mykje med å utvikle solospelet sitt. Han ønskjer å nå ut til publikum med sitt slåttespel og tradisjonelle kveding, noko han meiner kan treffe alle slags publikum.

 

Semifinalistar i INTROFOLK 2022

Foto: Rakel E. Paulsen

Malin Alander – Vokal

Malin interesserar seg spesielt for det frie, tidlause og ornamentrike uttrykket ein finn i samlar og bånsullar. Malin vil jobbe meir med å utforske materiale frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn framover.

Det musikalske uttrykket hennar som folkesongar vil ho beskrive som sårt, dynamisk og dramatisk. Malin freistar å bruke heile kroppen i tillegg til stemma når ho syng. Sjølve songane held ho gjerne tradisjonelle, men ho leikar seg ofte med improvisasjonar og komposisjonar der ho let seg inspirere av stemninga, teksten eller melodien i songen. Malin har eit ønskje om å jobbe breidt, både lokalt og nasjonalt, i tida som kjem. Ho brenn for å formidle tradisjonen sin til ulike publikum.

 

Semifinalistar i INTROFOLK 2022

Foto: Zosha Warpeha

Synnøve Brønnbo Plassen – Vokal

Synnøve var innom fleire sjangarar før ho til slutt fann attende til sine røter innan folkemusikken. Synnøve, som kjem frå Folldal, har fordjupa seg mest innnan musikken frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag.

Synnøve er oppteken av ulike måtar å bruke stemma si på, og sjølv om folkemusikken og songen står henne nærast, ønskjer ho og å utfordre seg sjølv på andre felt. I tillegg til å være folkesongar spelar ho og gitar og lyre. Synnøve lagar mykje musikk sjølv, både innan tradisjonelle former, men og meir vise-inspirert musikk. Målet til Synnøve er å kunne arbeide som folkesonger her i Noreg, men og å kunne reise rundt i verden for å få nye impulsar frå musikare i andre krokar av verda.

 

Semifinalistar i INTROFOLK 2022

Foto: Torfinn Sommerfeldt Lysne

Trygve Liahagen – Fele

Trygve vart tidleg oppslukt av gruppa Majorstuen, og korleis dei sette følelsar i sving utan ord, men gjennom musikken, stilen og kroppsspråket sitt. Dette fekk han til å ønskje å halde på med folkemusikk sjølv.

Musikken vert stadig ein større del av livet til Trygve, og no som han er student ved NMH, har han tid og moglegheit til å utvikle seg vidare. Samtidig som Trygve vil dyrke folkemusikken, ønskjer han og å utforske og blande stilelement frå andre sjangrar for å freiste å skape eit nytt, unikt uttrykk. Kort og godt ønskjer han å få folk til å føle noko, og han vil setje spor hjå lyttaren. Trygve vil arbeide for å dyrke og videreformidle folkemusikken, og til tillegg samarbeide med musikare på tvers av sjangre.

 

Kva er INTRO-folk?
«INTROFOLK — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. INTROFOLK er ein musikkonkurranse, og i tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira.

Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Fortsatt samarbeid med Gramo
«Vi i Gramo er glade for samarbeidet med FolkOrg om Introfolk 2022. Gjennom sponsoravtalen kan vi spre budskapet om at vi fordeler og utbetaler vederlag til musikere og artister når de blir spilt på radio eller i det offentlige rom. Samtidig kan vi støtte unge, lovende talenter i startgropa av karrieren. Vi er spente på hvem som blir «årets unge folkemusiker 2022» og vinner av Gramo-stipendet på 100 000 kroner!» sier Rita H. Mamelund i Gramo.

Solistar 
Også i år har styret i FolkOrg vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken. Solospel har vore og er ein viktig del av vår folkemusikktradisjon. Det var difor kun solisatar som vart vald ut til å spele i semifinala til INTROFOLK i år. Alle som fylte 30 år i år, eller er yngre, kunne søke om deltakelse i INTROFOLK 2022.

Stor semifinale i september og finale på Folkelarm i november!
Seks av søkjarane er no vald ut av ein uavhengig jury til å delta på vår store semifinalekonsert 10. september på Riksscenen i Oslo. Tre av desse blir så valgt ut til finala som skal haldast laurdag 26. november på Riksscena under Folkelarm 2022.

Begge desse konsertane er ope for publikum! Sett av datoane no og gled deg på fine opplevingar i lag med dei dyktige utøvarane i årets INTROFOLK tevling!

Semifinalistar i INTROFOLK 2022
Semifinalistar i INTROFOLK 2022
Semifinalistar i INTROFOLK 2022
Semifinalistar i INTROFOLK 2022