Dersom du har opplevd noko i lokallaget ditt, på kurs, kappleikar, eller andre arrangement som du treng å fortelje til nokon, kan du finne tips og råd i FolkOrg sine retningslinjer mot seksuell trakasering. Retningslinjene finn du her: Vedtatte retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep

Her står det mellom anna at du kan kontakte ledelsen i arrangementet, det lokale spel- eller dansarlaget, områdelaget eller FolkOrg sentralt.

Dersom du ikkje har lyst til å snakke med nokon lokalt, eller er usikker på kven du skal kontakte, er du velkommen til å ta kontakt med administrasjonen i FolkOrg! Alle som er tilsette i FolkOrg har tausheitsplikt, og vil kunne gje deg råd i korleis du skal gå fram.

Kven som er tilsette i FolkOrg ser du her: https://www.folkorg.no/kven-jobbar-folkorg/

FolkOrg er også medlem av Balansekunst eit samarbeid mellom over 90 norske kunst- og kulturorganisasjonar som arbeider for eit likestilt og mangfaldig kulturliv. Gjennom dei kan alle medlemmer i FolkOrg nytte deira gratis rådgjevingstelefon, eit lågterskeltilbod for alle som har opplevd, vore vitne til eller har spørsmål kring diskriminering, seksuell trakassering eller maktmisbruk i kulturlivet. Telefonen blir svara av advokatar med lang erfaring med varslarsaker i kulturlivet.

Her er nokre forslag til andre du kan kontakte:

Politiets nødnr: 112

Likestillings- og diskrimineringsombudet
post@LDO.no
tlf. 23157300

Balansekunsts rådgjevingstelefon:

https://balansekunstprosjektet.no/balansekunsts-veiledningstelefon

Tlf. 940 87 929

Alarmtelefonen for barn og unge
https://www.116111.no/
Tlf: 116 111

Barnevernvakten
http://barnevernvakten.no/
Finn lokalt telefon nr på sida

Les også meir om vold og overgrep på sida:
http://jegvilvite.no/
Her er det også lesestoff for voksne