Kva er eit varsel

Eit varsel er å melde frå om kritikkverdige forhold som du ønsker at FolkOrg skal følgje opp.
Eksempel på dette kan vere trakassering, diskriminering, maktmisbruk eller andre brot på FolkOrg sine retningsliner.

Ein kan også melde ifrå om kritikkverdige forhold som ein meiner at FolkOrg burde vite om, utan at ein nødvendigvis ønsker at det skal følgjast opp vidare i form av konkrete tiltak. Slike meldingar blir ikkje handsama som eit varsel etter FolkOrg sine retningsliner. Unntaket er om alvoret i saka er av ein slik grad at avvergingsplikta overstyrer. Les meir om avvergingsgplikt her: https://plikt.no/

 

Formålet med rutinane ved varsling

Formålet med rutinane er å senke terskelen for å sende inn varsel til FolkOrg. Den som vurderer å sende inn varsel skal vite kva hen kan vente i kontakt med FolkOrg.

 

Kven kan sende varsel til FolkOrg

  • Personar som sjølve opplever seksuell trakassering, diskriminering, maktmisbruk eller anna brot på FolkOrg sine retningsliner, på eit arrangement eller i eit miljø knytt til FolkOrg.
  • Personar som opplever at andre, eller mistenker at andre blir utsett for seksuell trakassering, diskriminering, maktmisbruk, eller anna brot på FolkOrg sine retningsliner, på eit arrangement eller i eit miljø knytt til FolkOrg.
  • Ein treng ikkje vere medlem i FolkOrg for å for å varsle.

 

Korleis sender ein varsel til FolkOrg

Det er ingen formkrav til varsling, det kan gjerast munnleg ved eit fysisk møte eller over telefon og skriftleg via e-post, sms, brev eller digitale løysingar. Dersom varselet blir gjort munnleg, vil den som varslar i tillegg bli oppmoda om å skrive ned hendinga(ne).

Varselet kan sendast til styreleiar, dagleg leiar eller til ein i styret eller administrasjonen.

 

Handtering av varslar

FolkOrg har plikt til å undersøke alle varsel ved å prate med dei det gjeld. Dersom hendinga har gått føre seg på eit lokalt arrangement, i eit lokallag eller på ein festival, skal FolkOrg, i samråd med den som er ramma, vurdere om det lokale styret eller leiinga skal involverast i handteringa av saka.

Den som handterer saka skal invitere den som varslar og den som er varsla om til separate møte. Begge partar kan ha med seg ein støtteperson i møta. Dersom dei involverte partane har oppgitt vitne, skal desse kallast inn til samtaler for å avklare om dei har vore vitne til den/dei påståtte hendinga(ne). Dersom partane skal gå i dialog, burde det vere fordi den som har varsla har ønskt det. Den som handterer saka skal skrive referat frå alle møte og syte for ein rask prosess der partane er godt informerte om plan for framgang i saka. Den som handterer saka har teieplikt, men får handlingsplikt dersom hen får kunnskap om forhold som kan true eit forsvarleg miljø.

Dersom saka er av ein slik karakter at den kan bli ramma av straffelova skal FolkOrg, i samråd med den som er ramma, vurdere å melde saka til politiet. Dersom den som er utsett ønsker å melde saka til politiet, skal ikkje FolkOrg gjere ei intern gransking da det i verste fall kan øydeleggje bevisa i saka.

Om konklusjonen i saka er at det har skjedd trakassering, diskriminering og/eller maktmisbruk, vil FolkOrg vurdere å gi ein reaksjon som står i forhold til alvoret i saka.

Det kan vere utfordrande å vurdere graden av alvoret i saker om (seksuell) trakassering, diskriminering og maktmisbruk, fordi alvoret vil variere ut i frå ein rekke faktorar. Forhold som kontekst, hyppigheit, relasjon mellom partane, makt- og avhengigheitsforhold og eventuelle følger av hendinga vil i sum bidra til å skjerpe eller svekke graden av alvoret i saka.

Nokon punkt som kan bli nytta i vurderinga:

  • Er det tale om oppførsel som den som er anklaga burde ha forstått er trakasserande? Er det tale om oppførsel som tydeleg bryt med FolkOrg sine retningsliner?
  • Er det skeive maktforhold mellom partane?
  • Er det tale om gjentatte episodar?
  • Kor berørt er den utsette? Har hendinga/oppførselen skapt nokon etterverknadar?
  • Vil den utsette og anklaga måtte omgåst vidare? Vil det skape utfordringar?

Dersom mistanken viser seg å vere grunnlaus, skal FolkOrg jobbe for å hindre eventuell sladder og spreiing av rykte. Uavhengig av utfallet i saka vil FolkOrg vurdere ei rad førebyggande tiltak. I saker som involverer lokallag, festivalar eller arrangørar vil det førebyggande arbeidet skje i samarbeid med desse.

 

Suspensjon

Eit medlem som blir skulda, mistenkt eller meldt for alvorleg seksuell grenseoverskridande åtferd, trakassering eller overgrep vil som hovudregel, etter at alle partar er høyrt, bli suspendert frå verv og oppgåver, inntil saka er avklart med politi, rettsinstans og i organisasjonen. Under denne perioden kan vedkommande òg bli stengt ute frå arrangement i regi av FolkOrg. Det er arbeidsutvalet i FolkOrg som fattar vedtak om suspensjon. Suspensjonen vil stå inntil nytt vedtak er fatta.

 

Retningsliner dersom den skulda er tilsett i FolkOrg

Når ein tilsett er mistenkt/skulda/meldt er det arbeidsgjevar ved dagleg leiar som handterer saka i samsvar med dei arbeidsrettslege reglane på området. Dersom saka gjeld dagleg leiar, er det styreleiar i FolkOrg som handterer saka.

 

Avslutning og etterarbeid

Ei tydeleg markering av at ei sak er avslutta er viktig for dei involverte partane i varselet og for organisasjonen. Som avslutning på eit varsel gjer FolkOrg ei intern oppsummering og evaluering. Den som er utsett (uansett alder) blir spurt om å fortelje korleis ho/han synest FolkOrg handterte situasjonen. Om mistanken har vore grunnlaus, får den mistenkte uttale seg om si oppleving av korleis FolkOrg handterte saka. Å få uttale seg i ettertid kan vere til hjelp for alle partar i saka for å komme seg vidare. Målet med etterarbeidet er å forbetre våre rutinar ved varsel om seksuell trakassering, diskriminering og maktmisbruk.

 

Om du ønsker å prate med andre enn FolkOrg finn du ulike rådgivingstelefonar og ressurstelefonar du kan kontakte her: