TONO og vederlag
Alle som nyttar verna materiale på konsert må betale vederlag og rapportere kva musikk som er framført, slik at opphavarane får betalt vederlag.

Når musikk vert framført offentleg skal dei som har komponert og som eig musikken – opphavarane –  ha gjeve sin tillatelse til den som er ansvarleg for at musikken vert framført.

Dette har bakgrunn i «Lov om opphavsrett til åndsverk» av 15. juni 2018. Det einaste unntaket er om opphavaren har vore død i meir enn 70 år. TONO gjer slik tillatelse på vegne av komponister, tekstforfattere og musikkforlag, og med konsesjon fra Kulturdepartementet.

Sjå filmen nedanfor for å få ei kjapp innføring i kva TONO jobbar med.

 

Rammeavtale med TONO
FolkOrg har ei rammeavtale for Tono-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Gjennom denne avtala får alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik.

Utøvarlag eller arrangørlag?
Det er ulike bestemmelsar avhengig av om laget er eit såkalla utøvarlag eller et arrangørlag. Begge typer lag må vera medlem i FolkOrg.

  • Eit utøvarlag gjeld i denne samanhengen spelemannslag, dansarlag og andre lokallag der utøvarane i laga sjølv spelar på konserten.
  • Eit arrangørlag er klubbar og heilårsarrangørar av konsertar.

For å kunne væra omfatta av avtala må arrangørlaget vera meldt inn til Norsk musikkråd av sentralleddet (FolkOrg) og deretter  godkjent av TONO. Alle konsertarrangører må vera betalande medlemer i FolkOrg for å kunne dra nytte av avtala. 


Det er følgande hovedkrav:

  • Laget må vera registrert i frivillighetsregisteret
  • Laget må ikkje ha meir enn 40 konserter årleg
  • Laget må ikkje har meir enn 450.000 i årlig billettomsetning

Dersom arrangørlaget overstig 40 konserter og/eller 450.000 i årleg billettomsetning vert det gjort ei konkret vurdering av det aktuelle laget for å komma fram til eit vederlag.

Sentralleddet (FolkOrg) må innen 15. juni sende ei oppdatert liste over sine arrangørmedlemer til Norsk musikkråd der eventuelle ut/innmeldinger kjem fram.

Dersom arrangøren vert godkjent vil den vera omfatta frå påfølgande halvår (fra 1. juni eller 1. januar).

—————————————————————————-
For meir informasjon om avtala og svar på ofte stilte spørsmål, sjå på Norsk Musikkråd sine heimesider. 
 

FOR ARRANGØRLAG (arrangørmedlem):
Gjeld heilårsarrangørar av folkemusikkonsertar (NB – ikkje festivalar)

Alle konsertar rapporterast på same måte. Ta kontakt med sentralleddet (FolkrOrg) dersom de får meir enn 40 konsertar eller totalt 450.000 i billettinntekt i løpet av eit kalenderår.

Einskildkonsertar (Ein konsert med éin billett)
Fylg instruksane på denne sida, og merk at ein som arrangør både må søkje om løyve i forkant av konserten i tillegg til å rapportere inn i etterkant. Benytt gjerne feltet for «melding» til å opplyse kva for organisasjon de er tilslutta og at de ikkje skal fakturerast for den aktuelle konserten.

Frist: Seinast 30. juni og 31. desember for det føregåande halvåret.
Betaling: Organiserast av sentralleddet (FolkOrg).

Konsertar på festival (fleire konsertar på éin billett)
Er ikkje omfattet av rammeavtala med Norsk musikkråd.

Du må derfor søkje, rapportere og betale direkte til TONO – meir info (tono.no).
—————————————————————————-
Har du spørsmål om TONO? Ta kontakt med
Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg/ solfrid@folkorg.no /
tlf. 415 52 655