Organisasjonane FolkOrg, Noregs Ungdomslag (NU) og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) gjennomført i haust ei spørjeundersøking for å kartlegge omfanget av grenseoverskridande åtferd i organisasjonane. Dette vart gjort etter at sentrale personar i folkemusikk- og folkedansmiljøet kom med eit opprop i Aftenposten hausten 2020 kor dei uttrykte at tida var overmoden for å opne auga for at seksuell trakassering skjer i folkemusikken og folkedansen, og etterlyste at miljøet grip inn og tek ansvar.

Alle medlemane i FolkOrg og NU, og personar knytt til miljøet gjennom representantskapet til Sff vart invitert til å delta i spørjeundersøkinga. Svara som vart samla inn dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med å utvikle strategiar og tiltak for å sikre trygge miljø.

Undersøkinga vart gjennomført i tidsrommet 28.09-07.11 2021. Målet med undersøkinga var å kartlegge opplevinga av organisasjonskulturen samt omfang av uønska og grenseoverskridande åtferd knytt til aktivitetar i regi av organisasjonane dei siste fem åra.

Tysdag 25. januar kl 18-19 blir det gjennomført ein digital presentasjon av undersøkinga. Alle interesserte er velkomne til å delta.

Byrået Opinion, som gjennomførte undersøkinga, vil presentere resultata som kom fram etter at kring 1300 personar deltok med sine svar i haust. Det blir også mogleg å stille spørsmål. Organisasjonane vil også informere om deira arbeid med retningsliner, varslingsrutiner mm.

Meld deg på via dette skjema for å få tilsendt digital møtelenke til møtet som foregår i Teams: https://forms.office.com/r/7fLtYs7Hzs.

Spørsmål?
FolkOrg: post@folkorg.no
Noregs Ungdomslag: post@ungdomslag.no
Norsk senter for folkemusikk og folkedans: postmottak@folkemusikkogfolkedans.no

 

Her kan du lese pressemeldinga om undersøkinga som kom før jul: Vi tek grenseoverskridande åtferd på alvor