Billettar til jubileumskonserten

Vi sel billettane gjennom Grieghallens billettsystem, og du kan sjølv velge kvar du vil sitte i salen. Det kostar litt meir å sitte i nedre del av salen. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billetten, da vel du billettkategori «FolkOrg Medlem».

Kjøp billett via Grieghallens billettsystem her!

HM Dronning Sonja vitjar konserten
NB! Skal du på jubileumskonserten vår må du merke deg at ingen kjem inn i salen etter at HM Dronning Sonja har kome inn. Vi har program i foajeen frå klokka 18.00, møt gjerne opp i god tid før det.
Antrekk: Vi set pris på pent antrekk, gjerne bunad

Kven skal stå på scena under jubileumskonserten? 

Du kan lese kven du får oppleve på konserten på denne sida her, vi legg nye aktørar jamt og trutt. Følg med!

Hotellovernatting i Bergen

Som medlem i FolkOrg får du 15 % rabatt på overnatting hjå alle hotella som er knytt til «De Bergenske Hotell».

Her ser du oversikt over kva hotell som gjev rabatt til FolkOrg-medlemmar

For rabattkode på overnatting, send e-post til annhelen@folkorg.no

Jubileumshelg i Bergen 13. – 14. oktober!

Vestlandskappleiken, som er eit samarbeid mellom Bergen UL Ervingen, Spelmannslaget Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin, startar fredag 13. oktober og avsluttast laurdag 14. oktober.

Laurdag blir det lansering av FolkOrgs jubileumsbok, festforestilling i Grieghallen og dansefest!

Sett av heile helga!

Her er facebookarrangement til det som skal skje i løpet av jubileumshelga: