Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av forslag som kjem inn og vert delt ut til ein arrangør som har vist evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement. Dei nominerte til prisen i 2019 var festivalane Heme Dine, Osafestivalen og Storefjelltreffen.

Osafestivalen vart etablert i 1992 og blir arrangert på Voss siste helga i oktober kvart år. Festivalen har namn etter, og bakgrunn i Sigbjørn Bernhoft Osas tankar om å skape ein møtestad der folkemusikken møter og bryner seg på nærliggande musikkformer. Bernhoft Osa var folkemusikar og klassisk skolert og musikkmøter mellom desse to sjangrane har heile tida vore ein raud tråd i festivalen. Osafestivalen har opparbeidd seg ein solid og profesjonell posisjon i både på Voss, i regionen og også nasjonalt. Festivalen skal vere ein nyskapande møteplass for tradisjons- og samtidsuttrykk og har fast tilhaldsstad på Ole Bull Akademiet på Voss.

I tillegg til festivalen har Osafestivalen heilårsscena Osascena og borne- og ungdomssatsinga UngOsa. Osafestivalen har det siste året jobba med å utvikle ei ny strategisk satsing for Osascena der dei arbeider langsiktig med programmeringa og legg opp til ei breiare satsing . Dei har i dette arbeidet synt evne til fornying gjennom nye samarbeidspartar, nye måtar å tenkje programmering på og nye måtar å nå publikum i ulike aldersgrupper.

FolkOrg gratulerer Osafestivalen som Årets Folkemusikkarrangør 2019!