Øyvind Sandum vann klassa Andre instrument senior på Landsfestivalen i 2019. No kan du være med ein tur heim til han på Oppdal via internett. Øyvind vil lære deg Kongstunen, ein rudl, på trekkspel. Dersom du ikkje spelar trekkspel, så kan du kanskje vurdere å starte no, eller berre kose deg med filmen.

Det er filmselskapet Fabelaktiv ved Pål Bratås som har opptak og regi på filmen.

Trykk på biletet under for å starte filmen om Øyvind. Under filmen ligg lydfila til slåtten slik at du kan høyre på den så mange gonger du vil. Det finns ulike appar/program som gjer at du kan spele av opptak i ulikt tempo. Eit slikt program kan kanskje være til hjelp for å lære deg slåttar betre dersom du til dømes er fersk spelar. Eit av desse heiter «Amazing Slow Downer» som du kan søke opp og lese meir om dersom du vil.

Lær deg ein rudl av vinnar i andre instrument senior på Landsfestivalen i 2019, Øyvind Sandum. 
Film: Fabelaktiv v/ Pål Bratås