Kalender for folkemusikk- og folkedansarrangement i heile landet! 

Vi har lenge hatt ønskje om å lage ein ny kalender der vi kan samle alle arrangement, små som store, innan folkemusikk og folkedansfeltet i heile landet. I forbindelse med jubileumsåret til FolkOrg fekk vi fortgang i desse planane, og har no skipa til ein kalender som de kan melde inn arrangement til.

Sjekk ut sida: 

https://www.folkarr.no/ 

Frå facebook til web og app
Solveig Brekke Hauknes og Anbjørg Myhra Bergwitz starta arbeidet med FolkArr som ein kalender på facebook! Dei har lagt ned mange timar med friviljugt arbeid for å spre kva som skjer når! Dette har vore inspirasjonen til å ta i bruk namnet FolkArr.no på den nye kalendaren. Tusen takk for at de sette i gang dette arbeidet!

FolkOrg driftar kalenderen
FolkOrg er ansvarleg for den nye kalenderen, og kjem difor til å kunne sile ut arrangement som vi meiner ikkje høyrer heime innan sjangeren. Dette for å forhindre spam/useriøse aktørar eller arrangement som ikkje er knytt til folkemusikk og folkedans.

Kalenderen er litt i utvikling enda på grunn av koplinga til appen, det skal blant anna være mogleg å sortere etter kva type arrangement ein er interessert i og kva månad det skal foregå i. Andre endringar vil og kunne kome etterkvart som vi tek kalenderen i bruk og ser behov og forslag til forbetringar. Vi kjem til å promotere nettsida og appen så det er smart å være registrert her.

Vi ønskjer oss alle slags arrangement i denne kalenderen som er opne for alle, både små og store:

  • Festivalar
  • Konsertar
  • Dansefestar
  • Seminar / kurs
  • Forestillingar
  • Andre aktuelle arrangement

Når det gjeld festivalar så legg de inn heile festivalen frå dato til dato. Vi legg på lenkje til nettside slik at folk vert sendt direkte til dykk for meir informasjon. Det vert for deltaljert om vi legg på alle seminar og konsertar som er ein del av ein festival.

Det er ikkje her vi i utgangspunktet legg inn øvingskveldar i laga, men dersom det er noko spesielt som open øving etc så er det fint.

APP
Vi har og APP som høyrer med, søk etter FolkArr der du lastar ned appar. 

Alle skal med! 
Vi vonar alle vil registrere arrangementa her i kalenderen og gje oss moglegheit til å syne alt det flotte som skjer innan folkemusikk og folkedans i heile landet.

Ta og gjerne kontakt dersom de ser noko som manglar i kalenderen som skulle vore med!

Har de spørsmål, innspel, tips eller anna kring kalenderen?
Ta gjerne kontakt med oss!

Liv Annette Nygjerdet
Kommunikasjonsrådgjevar
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans
Tlf + 47 93 41 93 82
Epost: livannette@folkorg.no