Gjennom momskompensasjonsordninga kan alle lokallag få refundert ein viss prosent av driftsutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet med totale driftsutgifter frå førre år. 

Kven kan søkje?
Lokallag, områdelag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg kan søkje gjennom sentralleddet. 

NB: Søkjaren vera registrert i Frivillighetsregisteret innan søknadsfristen for å få godkjent søknaden. Det kan vera lurt å dobbeltsjekke dersom der er usikre på om de er registrert etttersom det kan påreknast noko ekstra arbeidstid med dette.

Korleis sender ein inn søknad? 
Søknad sendast gjennom sentralleddet (FolkOrg) gjennom eige søknadsskjema. 
Søknadsskjemaet vert offentleggjort i mai. 

Når må søknaden sendast?
Søknadsfrist er 1. august kvart år.

Kva skal søknaden innehalde? 
Å søkje momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. Alt de treng å gjere er å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i skjemaet under, og sende skjemaet og rekneskap for 2023 til FolkOrg.

Søknaden skal innehalde: 

  • Namn på laget med kontaktinfo 
  • Organisasjonsnummer
  • Driftsutgifter for førre år
  • Eventuelle fradrag (gjeld svært få av spel- og dansarlaga – les meir om dette her)
  • Legg ved signert og/eller revidert regnskap for førre år.

 

 
Momskompensasjon
 
 

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2022 er grunnlaget for søknaden i 2023.

•    Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg.

•    FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.
      I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, 
      regionalledd.

•    Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) eller aksjeselskap som har driftsutgifter 
      under 5 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.

•    Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget, 
      som for eksempel løn og honorar til instruktørar.
 

Viktige dokument
- Ofte stilte spørsmål og svar 
- Utfyllande informasjon om ordninga 
- Forskrift og momskompensasjonsordninga

 

For spørsmål om ordninga, kontakt Live Visdal i FolkOrg, 
live@folkorg.no / 974 15 515