Dei beste dansarane og musikarane innan gammaldansmusikk var samla i Førde forrige veke for å tevle i Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk; Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I år vart Landsfestivalen arrangert av Indre Sunnfjord Spelemannslag og vart arrangert i og ved Førdehuset.

-Vi var spesielt fornøgde med været, seier leiar av hovedkomiteen, Leon Årdal. Det er jo kjent at på Vestlandet regnar det ofte mykje og lenge, men med været på vår side vart det ekstra god stemning på festivalen, seier Leon. Det var svært god stemning rundt heile arenaen og folk kunne sitje ute og spele og kose seg til langt på kveld. -Talet på deltakarar og tilreisande var også tilfredsstillande med tanke på at vi ligg i utkanten av kjerneområdet for gammaldansmiljøet, seier Leon. Han legg til at dei er godt nøgde med heile arrangementet og skryt av at Førdehuset er ein perfekt arena for Landsfestivalen. Det at det økonomiske resultatet ser ut til å gå i pluss er han og svært glad for, det viktigaste for arrangøren er likevel at dei har fått mange positive attendemeldingar frå deltakarar og publikum. -Vi er svært takksame overfor alle som kom på festivalen og næringslivet i regionen som har støtta godt opp om årets Landsfestival, avsluttar Leon.

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, er svært fornøgd med årets landsfestival. Superlativa sit laust når ho oppsummerer gjennomføringa i Førde. -Eg har snakka med mange. Alle er glade og fornøgde med Landsfestivalen, både tevlingsdeltakarane og publikum. Eg er imponert og takksam for måten Indre Sunnfjord spelemannslag har løyst oppgåva. Dette er veldig godt gjennomført, seier Hilde Reitan.

Tevlingar, finaler og mykje dansespel!
Landsfestivalen starta onsdag 3. august med stor opningskonsert med mange ulike aktørar frå Førde og området kring. Her fekk vi blant anna høyre Gamlebanken spelemannslag, Gro Marie Svidal, Ole Nilssen, og sjølvsagt arrangørlaget Indre Sunnfjord spelemannslag. I tillegg til dette vart det framføringar av Sunnfjord juniorspelemannslag, Emil Horstad, Elias Eide, Naustedalen spelemannslag, Fjellklang spelemannslag, Dagfrid Vallestad, Ingrid Stuhaug, samt danseinnslag med dei unge Viksdals-dansarane. Etter konserten fortsette kvelden med tevling i solo fele/hardingfele senior, og dansefest utover kvelden.

Torsdag morgon starta tevlingane kl 10.00, her kan ein sjå alle som deltok. Det var svært spennande tevlingar i alle klasser, og finaler kvar kveld frå torsdag til laurdag.

Sundag kl 12.00 var det som vanleg tid for Meisterkonsert for Landsfestivalen. Vi fekk endeleg vete kven som fekk dei ulike plasseringane i alle klassene. Alle utøvarane vert samla i eigen sal der dei får litt etter litt vete kven som vert nr 3, og så 2 og 1. Det var som vanleg svært spent stemning i salen og det gjekk med ein god del kaffe. Ettersom plasseringane vart lest opp gjekk utøvarane frå «bakrommet» til hovedscena for å framføre sitt konsertbidrag for ein fullsett idrettshall. Det vart til slutt Kompani Byre, med kompanisjef Geir Byre i spissen som gjekk av med den gjevaste sigeren, nemleg i gruppespel. –Detta er heilt sprøtt, utbraut Geir Byre rett etter konserten. Han kan ikkje tru det vart slik at dei gjekk heilt til topps. –Eg er sjelven, detta er ikkje til å tru, seier den glade, men overraska kompanisjefen.

Her ser du alle resultata frå Landsfestivalen 2023

Spennande kulturprogram
Det var fem svært gode konsertar på Landsfestivalen i år. Torsdag var det omvising og konsert på Astrup-tunet. Her fekk dei frammøtte ein opplevelse på heimstaden til kunstnaren Nikolai Astrup, der Sigmund Eikås og Gro Marie Svidal gav eit innblikk i spelet og tonane som kunstnaren var så glad i. På torsdagskvelden var det første av to konsertar i serien Folkemusikken og forteljingane, nemleg «Folkemusikken og forteljingane – Anders Viken i ord og tonar», På fredag var det lang kø for den folkekjære artisten Sigrid Moldestad med fullt band. Fyrst på dagen laurdag var det tradisjon tru barnefestival, i år var det duka for sjokoladefestival på torgscena ved Elvetorget.  Seinare på laurdag var det ny konsert med «Folkemusikken og forteljingane – Frøholm og Håheim». Fokuset her var på fotspora til gammaldansens og folkemusikkens nestorar, Ivar og Ola Kjelstad frå Hellesylt, breimingen Anders Reed og Moses Paulen i Jølster.

I tillegg til dette hadde lokal arrangør også lagt til rette for at alle som ville kunne ha plateslepp i løpet av Landsfestivalen. Det var to ferske utgjevingar som meldte seg, og det vart plateslepp med både Madam Jam og Kongsberg trekkspillklubb på årets Landsfestivalen, noko som vart svært populært for publikum.

Meir informasjon om årets arrangement:

www.landsfestivalen.no

Sjå fine bilete frå tevlingane her (lenke)

Her finn de resultat frå tevlingane (lenke)

www.facebook.com/landsfestivalen

Instagram: @landsfestivalen
Snapchat: «folkemusikk norge»

 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2023!
Kompani Byre - vinnar gruppespel
Foto: Thomas Westling