Aslak Opsahl Brimi vann klassa for Spel fele A på Landskappleiken i Vågå i 2019. Vi møtte Aslak på kontoret hans i Oslo via internett før påske. Her vil ha lære deg springleiken hennar Torø Grasdalsmoen, ein slått som kan spelast både roleg og med mykje trøkk, fortel Aslak. Ønskjer du ikkje å lære deg denne springleiken, eller speler du ikkje fele, kan du likvele nyte filmen og bli litt betre kjent med Aslak.

Det er filmselskapet Fabelaktiv ved Pål Bratås som har laga filmen på oppdrag frå FolkOrg.

Trykk på biletet under for å starte filmen om Aslak. Under filmen ligg lydfila til springleiken slik at du kan høyre på den så mange gonger du vil. Det finns ulike appar/program som gjer at du kan spele av opptak i ulikt tempo. Eit slikt program kan kanskje være til hjelp for å lære deg slåttar betre dersom du til dømes er fersk spelar. Eit av desse heiter «Amazing Slow Downer» som du kan søke opp og lese meir om dersom du vil.

Aslak Brimi lærer deg Springleiken hennar Torø Grasdalsmoen
Film: Fabelaktiv v/ Pål Bratås