Vinnar av klassa Durspel senior på Landsfestivalen i Kinsarvik i 2019, Pål Bratås, vil her lære deg ein slått av Nils Øyvind Bergset og Per Anders Buen Garnås som dei har kalla Århundrets masurka. Pål oppfordrar her alle som ønskjer å lære seg denne slåtten til å finne sitt eige uttrykk i musikken. Kanskje vil du spele denne på Landsfestivalen neste år?

Trykk på biletet under for å starte filmen om Pål. Under filmen ligg lydfila til slåtten slik at du kan høyre på den så mange gonger du vil. Det finns ulike appar/program som gjer at du kan spele av opptak i ulikt tempo. Eit slikt program kan kanskje være til hjelp for å lære deg slåttar betre dersom du til dømes er fersk spelar. Eit av desse heiter «Amazing Slow Downer» som du kan søke opp og lese meir om dersom du vil.

Det er filmselskapet Fabelaktiv som har teknikk og regi på denne filmen etter oppdrag frå FolkOrg.

Vinnar av klassa Durspel senior på Landsfestivalen i 2019, Pål Bratås lærer bort Århundrets masurka
Film: Fabelaktiv v/ Pål Bratås