Kongepokalvinnarar frå Telemark og Buskerud

Ingebjørg Bratheim Bø (Bø dansarring) og Ola Narverud (Småjondølenes dansarlag) gjekk av med sigeren i dans hardingfele klasse A, og vann med det Kongepokalen under Landskappleiken på Røros i 2017.

Kongepokalen vart delt ut under meisterkonserten på Landskappleiken på Røros. Bratheim Bø og Narverud har ikkje vunne klassa tidlegare, men leverte ein fantastisk finaledans laurdag kveld. I finala kniva dei med Tone Voldhaug og Stian Roland som kom på andreplass og Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannessen som kom på tredjeplass.

Sist kongepokalen vart delt ut i dans hardingfele var på Geilo i 2009. Då vann Ulf Arne Johannesen og Ingunn Stræte Lie. Tidlegare vinnarar av kongepokalen i dans hardingfele er Ami og Håkon Dregelid, Gunnlaug Lien Myhr og Håkon Tveito, og Hilde Bjørkum og Vidar Underseth.

Resultat etter finala i dans hardingfele klasse A:

1. Ingebjørg Bratheim Bø, Ola Narverud – Bø Dansarring, Småjondølenes dansarlag

2. Stian Johan Roland, Tone Voldhaug – Øystre Slidre Spel- og dansarlag

3. Ulf-Arne Johannessen, Ingunn Stræte Lie – Ål spel- og dansarlag

I denne spelelista på FolkOrg sin YouTube kan du sjå dansen til dei tre para samt andre videosnuttar frå Landskappleiken 2017!

 

Kongepokalvinnarar frå Telemark og Buskerud på Landskappleiken i 2017!
Ingebjørg Bratheim Bø (Bø dansarring) og Ola Narverud (Småjondølenes dansarlag) gjekk av med sigeren i dans hardingfele klasse A, og vann med det Kongepokalen under Landskappleiken på Røros i 2017.

Foto: Runhild Heggem