Flottaste, vakraste og mest rørande konsert!
Nå har vi feira 100-årsbursdag. I sjølvaste Grieghallen. Ilag med gode Dronning Sonja, kulturminister, prominente gjester, og alle dykk andre: Nesten fullsett Griegsal med folk som elskar folkemusikk- og dans! Eldsjelar. Unge og gamle. Lyttarar. Musikarar og dansar. Og, ikkje minst: 200 fantastiske musikarar og dansarar på scena som med Mette og Vegar Vårdal sin regi ga oss årets flottaste, vakraste og mest rørande konsert! Sart og vakkert, rått og eggjande; solistar og lag, dans og korsong. Og ikkje minst: 100 barn med supergroovy spel! Og, sjølvsagt, ein hallingdansar kledd som sumobrytar. Det kunne ikkje vore betre. Det var rett og slett fantastisk herleg!

Nå er festhelga over. Vestlandskappleiken vart gjennomført med stor deltaking. Knut Buen ga oss hjartespel og gode ord på vegen. Praktboka vår er lansert. Stor jubel-konsert med påfølgjande sosialt samvær og dans. Takk for det gode samarbeidet til arrangørane kring Vestlandskappleiken. Takk til alle i Grieghallen, det var ein fryd å arbeide med slike gode og profesjonelle menneske. Takk til alle som var med å gjorde denne helga verdt å minnast i framtida!

Vi i FolkOrg administrasjonen og FolkOrg-styret er så stolte og så glade for at vi får vere ein del av dette fantastiske miljøet. Og vi skal arbeide på for at folkemusikken og folkedansen også framover skal få så gode tilhøve som mogleg i samfunnet vårt. Hurra for folkemusikken og -dansen!

Under konserten fekk FolkOrg mange gode ord frå veldig mange. Og når vi nå set i gang arbeidet med FolkeLarm – som kjem allereie om ein månad – så tek vi med oss Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery sine ord til FolkOrg:

«FolkOrg er ein sprek og høgst levande hundreåring som evnar å gjere seg relevant, halde seg oppdatert, vere samlande, inspirere og utfordre. Kanskje er det nettopp FolkOrgs evne til å inkludere og vise fram breidda og mangfaldet og å gje heilskapen ein naturleg plass i organisasjonen som gjer FolkOrg vital?»

 

Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi og styreleiar Hilde Reitan tek i mot HM Dronning Sonja då ho ankom Grieghallen.

Det var stor stas at HM Dronning Sonja vitja jubileumskonserten til FolkOrg laurdag.

 

Her vart Dronninga møtt av «småkvedarane» som song ei helsing til henne då ho ankom Grieghallen laurdag 14. oktober.

 

Jubileumskonsert for hele organisasjonen

FolkOrg er en levende organisasjon, full av aktivitet, kreativitet, tradisjon og mangfold, og det ville vi vise denne kvelden. Her skulle alle landsdeler og alle aldre være representert, og både lokallagsaktivitet og profesjonelle musikere skulle stå på scenen. Den store bredden av ulike sjangre innenfor folkemusikken, ulike instrumenter, stilarter, og ikke minst et stort spenn fra de eldste tradisjonene til eksperimentell nyskaping, alt skulle med. Det krevde disiplin både i utvelgelsen, og blant alle aktørene bak og på scenen. En stor takk til alle som var med for en kveld med nydelig musikk og dans, humor og høytid.

Alt fikk ikke plass på scenen. Og kanskje er det også dette som er den store styrken i FolkOrg og folkemusikkmiljøet i dag? Vi har så mange dyktige utøvere og så stor bredde at vi kan lage en hel serie med ulike festforestillinger uten å fire på kvalitet. Og heldigvis trenger vi ikke vente til neste jubileum, rundt om i landet er det mange muligheter til å feire musikken og dansen. La oss fortsette festen!

Mette og Vegar Vårdal, Kultivator

Velkommen til 100 års jubileumskonsert!
Tale frå styreleiar Hilde Reitan.

Dykkar majestet dronning Sonja, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, Statsforvalter Liv Signe Navarsete, fungerande ordførar Eira Martinsen Garrido,  fylkesordførar Jon Askeland, gode heidersmedlemmer – kjære alle saman!

Hjarteleg velkommen til 100 års jubileumskonsert i Grieghallen og til sjølve hovudmarkeringa i jubileumsåret vårt!

FolkOrg har gjennom heile året feira ein livskraftig  100-åring med små og store arrangement og markeringar over heile landet. Vi har fått komponert ein jubileumsslått, Hundreåringen, og vi har i kveld lansert ei praktfull jubileumsbok der det mangfaldige og levande  folkemusikkmiljøet er presentert i ord og bilete.

Og no i kveld – sjølve jubileumskonserten. Det er spesielt gledeleg, og ei stor ære, at FolkOrg sin høge vernar, Dronning Sonja, er med oss på feiringa i Bergen.

Og det er ein grunn til at vi  har valt å legge hovudfeiringa til Bergen; her vart den første tevlinga i nasjonalt spel arrangert i 1896, noko som betyr at Landskappleiken faktisk er Noregs eldste festival!

Og 27 år seinare vart Landslaget for spelemenn stifta under Landskappleiken, også her i Bergen, så byen har ein sentral plass i historia til organisasjonen.

Lite visste den første formannen, Arne Bjørndal, at  organisasjonen skulle vere like relevant 100 år etter, og er i dag ein høgt respektert kulturorganisasjon, med eit stort engasjement og mangfald av uttrykk innan folkemusikken og folkedansen.

Eg trur det ville gledd han å sjå ein samla organisasjon, der lokallaga med tradisjonsberarane og eldsjelene, dei profesjonelle yrkesutøvarane, arrangørane og utdanningsinstitusjonane står saman, skulder ved skulder, for i fellesskap å forvalte og føre vidare den immaterielle kulturarven vår gjennom å spreie kunnskap om og kjærleik til spelet, dansen og songen.

Dei norske folkemusikk- og folkedanstradisjonane er unike for Noreg. Dei skil seg frå andre musikksjangrar  og frå tradisjonsmusikk og -dans frå andre land, og dannar derfor grunnlaget for identiteten vår som  nasjon. Vi har all grunn til å vere stolte av særpreget vårt!

Å ha god kunnskap om og ei trygg forankring i eigen kulturarv, gjer oss meir opne, nysgjerrige og tolerante i høve til andre lands tradisjonar og kultur. For det er jo slik at sjølv om norsk tradisjonsmusikk og -dans høyrer til historia vår, og bind oss saman som folk, så har den også universell  kraft.

I 1973 feira Landslaget for spelemenn sitt 50-årsjubileum med konsert i det gamle Konsertpaleet her i Bergen med mange av dei store stjernene  på den tida. Også den jubileumskonserten opna med ein kulokk. Men den gongen var det eg, som 14-åring, og som saman med mor mi,   opna  jubileumskonserten med ein kulokk etter mormor frå Rendalen.

Lite visste eg  at eg 50 år etter skulle stå på scena i Grieghallen og ønskje velkommen til jubileumskonsert som stolt styreleiar i FolkOrg! Det er unekteleg rart å tenkje på, men det seier noko om dei lange linene gjennom eit livsløp og mellom generasjonar for oss som blir drege inn i dette fantastiske miljøet som barn og som held fram der resten av livet.

FolkOrg er ein medlemsorganisasjon som femnar breitt, frå profesjonelle yrkesutøvarar til lokale spel- og danselag og arrangørar.  Svært mykje av aktivitetane er avhengig av frivillig innsats, og eg  vil nytte dette høvet til å takke alle dykk  eldsjeler rundt om i lokallaga,  som er sjølve grunnmuren i organisasjonen vår og som representerer tradisjonsberarane, kunnskapen og det sosiale fellesskapet på tvers av generasjonar.

Det arbeidet de legg ned i lokallaga for å   rekruttera barn og unge inn i miljøet,  er ein vesentleg føresetnad for at tradisjonane blir overførte til neste generasjon og dermed blir i halde i hevd.

FolkOrg har teke på seg eit viktig ansvar for fremje, verne og føre vidare den immaterielle kulturarven vår i samsvar med Noregs forpliktingar nedfelt i  Unescos konvensjon.

For å vareta dette ansvaret, treng vi stjernene og førebileta som inspirerer, som viser veg og som skaper merksemd og begeistring for folkemusikken og folkedansen, også blant eit breiare publikum. Men vi treng også arrangørane, lokallaga og dei frivillige der mykje av den direkte tradisjonsoverføringa går føre seg for at dette økosystemet skal fungere.

Det er dette som er grunnlaget for jubileumskonserten. De vil møte heile det mangfaldige spekteret som organisasjonen representerer gjennom dyktige og dedikerte utøvarar, både profesjonelle og amatørar, barn og vaksne som vil vise dykk at norsk folkemusikk og folkedans er høgst levande og vital i 2023.

Gratulerer med dagen!

Takk for at de kom og var med oss på jubileumskonserten!

Styreleiar og spente småkvedarar før dei skal ønskje HM Dronning Sonja velkommen.

I alt var det over 200 personar innom scena i Griegsalen i løpet av jubileumskonserten!

Fantastisk musikk av husbandet og dans, humor og alvor frå dansande programleiarar.

Sjå fleire bilete frå helga på vår Flickr-konto (lenke)

Jublande jubileumshelg i Bergen!
Jubileumskonsert, Inge Gjevre
Jublande jubileumshelg i Bergen!
Verdens største juniorspelemannslag og fleire andre på scena
Jublande jubileumshelg i Bergen!
Lansering av jubileumsboka Songen, Dansen, Spelet
Jublande jubileumshelg i Bergen!
Redaktørar: Sigrid Moldestad og Rasmus Stauri, bileteansvarleg: Knut Utler, design: Kristin Mack Alnæs, trykk: Edda Presse
Jublande jubileumshelg i Bergen!
Ei stund med Knut Buen, Kristian Ihle Hanto og Borghild Hardang-Hanto
Jublande jubileumshelg i Bergen!
Ei fin stund med Knut Buen
Verdens største junior spelemannslag!