FolkOrgs jubileumsslått!
Øyvind Sandum har komponert slåtten som vann konkurransa om å bli vår jubileumsslått!

Slåtten vart spelt inn i mars på Øra Studio i Trondheim, og no har slåtten kome på straumetenesta Spotify! Øyvind Sandum inviterte med seg Ronny Kjøsen, Øyvind Smidt og Jo Ranheim til å spele inn slåtten.

Jubileumsslåtten kan bli spelt og sunge av alle
FolkOrg vil gjerne at jubileumsslåtten skal nyttast fleire gongar, og i ulike format og har difor bede Ronny Kjøsen om å arrangere slåtten til kor, spelemannslag, trekkspelklubbar og korps. Arrangementa er no tilgjengeleg til alle som ønskjer å nytte desse, og det er sjølvsagt gratis å nytte arrangementa.

Ulike arrangement til fri bruk!
For spelemannslag har Ronny laga enkelt 2 eller 3 stemt arrangement med besifring. Her er det og med ei enkel stemme og ein forenkla melodistemme til bruk for elevar og noter for cello, klarinett/blåseinstrument i Bb og A.

For trekkspelklubb har Ronny laga 2 eller 3 stemt arrangement og elevstemme. Besifring og notar for bass, gitar og trommer.

For korps har Ronny laga Flex4 arrangement som passar både for brass og janitsjar, store og små besetningar, skule og vaksenkorps.

For kor har Ronny laga enkle arrangement for SATB/SSAA/TTBB

#FolkOrg100
Tusen takk til Øyvind for den flotte slåtten og tusen takk til alle som sendte inn bidrag. Vi oppfordrar alle som har sendt inn bidrag til å gjere opptak av sin slått, og legge denne ut i sosiale mediar under emneknaggen #folkorg100

Fyll ut skjema og kryss av for kva slags arrangement du vil ha, så får du tilgang til ei mappe i dropbox.

 

Jubileumsslåtten, Hundreåringen!


HUNDREÅRINGEN er no på Spotify!

 

Jubileumsslåtten, Hundreåringen!
Foto frå innspelinga i Øra studio, Øyvind Sandum, Ronny Kjøsen, Jo Ranheim og Øyvind Smidt.