100 år med folkemusikk!

I 1923 ble Landslaget for Spelemenn stifta i Bergen, med Arne Bjørndal som første formann. Målet var å styrke dei lokale folkemusikktradisjonane, og arbeide for både bevaring og vidareføring.

Sidan har organisasjonen jobba jamt og trutt for folkemusikken og folkedansen i Noreg. I motgang og medgang har Landslaget, seinare FolkOrg, ivra for felespel, langeleik, lokk og lur, hardingfele, munnharpe, halling, stevtonar, slåttemusikk, gammaldans og bygdedans. I 100 år har dette landslaget halde på, aldri gitt opp, og større og sterkare enn nokon gong kan dei presentera det ypparste av folkemusikk og folkedans i ein forrykande jubileumskonsert i oktober.

 

Kva er det med FolkOrg?

Kva får 5000 eldsjeler til å bruka så mykje av tida si til å spela, dansa og halda laga i gang med aktivitetar året rundt? Kva er det som får Dronninga til å vera den høge vernaren til organisasjonen? Kvifor blir det stadig fleire som stiller på kappleik og festival og spelar så strenger og nervar ryk? Kven er det som dansar til siste tone langt over midnatt og held ut med buskspel til hanen for lengst har gale? Kva saker er det som engasjerer så mykje at ein er villig til å oppgi vennskap og splitta organisasjonen for å få rett, og samlast igjen fordi folkemusikken trass alt er viktigast? Kven er det som tek vare på tradisjonen og har dedikerte utøvarar? Det er FolkOrg, og i 100 år har det vore FolkOrg. Det er vel verd ei feiring. Det er duka for ein storslått jubileumskonsert i Grieghallen, og du er invitert!

 

Billettar til Grieghallen
Her kan du kjøpe billettar til jubileumskonserten

Vestlandskappleiken
Her kan du lese meir om Vestlandskappleiken

HM Dronning Sonja vitjar konserten
Skal du på jubileumskonserten vår må du merke deg at ingen kjem inn i salen etter at HM Dronning Sonja har kome inn. Vi har program i foajeen frå klokka 18.00, møt gjerne opp i god tid før det.

Antrekk: Vi set pris på pent antrekk, gjerne bunad

NOKRE AV DEI DU MØTER PÅ JUBILEUMSKONSERTEN ER:

 Verdens største junior spelemannslag

Det er Maria Skreldrum Toppe og Johanne Løkensgard Mjøs som har ansvaret for verdens aller største junior spelemannslag!

Dette vert magisk!

Berit Opheim

Berit Opheim har vore ein viktig nyskapar og formidlar av folkesongen gjennom mange år. Ho er nominert til Nordisk råds musikkpris, og fekk i år 10 års arbeidsstipend for å jobbe vidare med folkesongen, og med det halda fram med å inspirera andre og utøva den lokale folkemusikken.

På jubileumskonserten skal ho både syngja aleine og saman med koret Multa Paucis, og med småkvedarane. Småkvedarane er ei sanggruppe frå Voss kulturskule som ho starta opp allerede i 1993.

Carmen Bovéda og Anders Lillebo

Carmen Bovéda kom frå Spania til Bergen som musikkstudent, og har etablert seg som ein velrenommert cellist med stor interesse for folkemusikken. Anders Lillebo er fra Engerdal og trakterer flere instrumenter. Saman med Bjørn Kåre Odde, Johanne Løkensgard Mjøs, Ronny Kjøsen og kapellmeister Vegar Vårdal utgjer dei eit lite band som skal sørgja for musikalsk følgje og smidige overgangar gjennom jubileumskonserten.

Ronny Kjøsen

Ronny Kjøsen busett i Rindal er musikar, komponist og arrangør. Han speler både på trekkspel og tangentar og er aktiv innan ulike sjangrar sjølv om hovudfokuset hans er folkemusikk.

Ronny er godt kjent som medlem av fleire gammaldansgrupper som Over Stok og Steen og Hollos efterfølgere.

På jubileumskonserten er han ein del av husorkesteret i tillegg til at han har arrangert både FolkOrgs jubileumsslått og avslutningsnummeret til jubileumskonserten.

Multa Paucis

Damekoret frå Bergen med Mikael R Hedne som dirigent har i mange år hatt eit fokus på folkemusikken. Dei er nok det næraste me kjem eit kvedarkor i Noreg, og vart nominert til Folkelarmprisen for albumet «Ved myrke midnattstid» spelt inn i samarbeid med Kvarts.

I år er dei aktuelle med eit nytt album, som viser breidda av den vokale folkemusikken og moglegheitene med koret a cappella som instrument.

På jubileumskonserten bidreg dei både med mjuke klangflater og nyskapande arrangement.

Kristoffer Kleiveland

Kristoffer Kleiveland er ein alltid smilande toradarpelar frå Osterøy. Godt kjent øvst på kappleikslistene, og han gjer ein stor innsats for å fremja tradisjonelt bygdespel på toradar. Han er ein stor miljøskapar og er ein av leiarane i FolkOrg si satsing på unge leiarspirar: FolkLeiarUng.

På jubileumskonserten skal han dele sitt engasjementet for folkemusikken med oss, og syne fram gleda av å vera med i eit lag.

Alexander Røynstrand

Alexander Røynstrand frå Granvin speler hardingfele som få andre, og vann A-klassa på Landskappleiken i Rjukan i 2022. Det gjorde han også i Vågå i 2019 og kom på andreplass i 2018. I februar i år laga NRK ein mini-dokumentar om han, der dei skriv at «han er tømmerbilsjåfør og hardingfelespelemann, og tek oss med til Granvin i Hardanger der kviletid blir brukt som speletid».

På jubileumskonserten skal han spela tradisjonelle slåttar, og fortelja om livet på kappleik.

Bjørn Kåre Odde

Felespelaren frå Garmo vart kåra til årets folkemusikar i 2019, og har markert seg på topp både på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

I tillegg til slåttespel tek Bjørn Kåre med seg prosjektet «Folk Chamber» til Grieghallen. Det er nyskreve folkemusikk arrangert for kammerorkester. Bjørn Kåre fekk Folkelarmprisen for debutplata.

 

Sudan Dudan

Anders Røine og Marit Karlberg, begge frå Valdres, er kjende som Sudan Dudan. Anders speler gitar og munnharpe og ei rekkje andre instrument, Marit syng og speler langeleik.

Det er sagt om duoen at dei er lyden av mange fine ting: av klokskap, av nøysomhet, av vel avmålte verkemiddel.

I Grieghallen skal dei både spela songar frå Sudan Dudan repertoaret, men også tradisjonelle låtar på munnharpe og langeleik.  

 Inge Gjevre 

Inge Gjevre har spelt durspel frå han var 10 år, og er ein sentral utøvar både som solist og i fleire kjente grupper, som Jutullaget og Gjevre,Odde og Vårdal. Han spelar tradisjonsmusikk frå både Vågå og Valdres, i tillegg til at han har komponert ei stor mengde slåttar sjølv. Inge er ofte å finne blant topplasseringane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

På jubileumskonserten skal han spele eit soloinnslag, og i tillegg bidra med stødig dansetakt til dansare.   

 

Ådne Geicke Kolbjørnshus, Vetle Springgard og Tone Ingvaldsen

Ådne Geicke Kolbjørnshus frå Valdres, Vetle Springard frå Hallingdal og Tone Ingvaldsen frå Nordland er tre dansarar med erfaring frå Frikar og Kartellet.

På jubileumskonserten dansar dei både pardans og halling, tradisjonell dans og nye koreografiar. Tone skal også leia nokon av dei yngste i ein langedans.

Ådne og Vetle, som også er kjent frå sin eige framsyning «Døgeniktenes debatt», skal gi oss eit lite innblikk i eit av folkemusikkens evige spørsmål: tradisjon eller nyskaping?

 

Verdas største juniorspelemannslag

Johanne Løkensgard Mjøs og Maria Skjeldrum Toppe ga i fjor ut boka «Våre slåtter», ei opplæringsbok for unge hardingfelespelarar.

Til jubileumskonserten har dei tatt initiativ til å samle saman til verdas største juniorspelemannslag. Nærare 100 små hardingfelespelarar har vore samla til seminar og øving. I Grieghallen skal dei vise oss kva dei har lært!

Og ein ting er heilt sikkert: det gror godt i folkemusikken!

Geir Egil Larsen

Geir Egil Larsen kjem frå Verdalen og har lagt ned ein formidabel innsats som formidlar, pedagog og organisator. Han har meir enn 50 års erfaring som kappleiksdeltakar og har fått førsteplass med både tussefløyte, seljefløyte, bukkehorn og Meråker-klarinett.

Dei eldre folkemusikkinstrumenta var noko av det første det organiserte folkemusikk-arbeidet interesserte seg for, med eigne kappleikar også før den første fele-kappleiken i 1888.

På jubileumskonserten skal Geir Egil spela både meråker-klarinett og bukkehorn.

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Bråten Berg frå Valle i Setesdal er utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar. Ho har i fleire tiår vore ein markant og viktig stemme, både som tradisjonsformidlar og i samarbeid med andre musikksjangrar.

I 2019 kom spel, dans og stevtradisjonen frå Setesdal på UNESCO sin verdsarvliste. Vi er glade for å ha Kirsten Bråten Berg med oss på jubileumskonserten der ho skal synge både nye og gamle stev.

Per Anders Buen Garnås

Per Anders Buen Garnås er ein unik hardingfelespelar med stor formidlingsevne. Han kjem frå en solid spelemannstradisjon, og er kunnskapsrik om så vel slåttespelet som spelemannshistoria.

Per Anders har vunne landskappleiken fleire gongar, og blei kåra til årets folkemusikar i 2022.

På jubileumskonserten skal han spele solo slåttespel og til dans.

 

Jubileumskonsert i Grieghallen!