Martin og Gunnlaug vert utnemd som Heidersmedlemmer for sin enorme innsats for folkemusikken og folkedansen i Noreg.
Vi er takksame for alt dei har gjort og fortsatt kjem til å gjere for oss alle. Tusen takk!

Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr

 

Gunnlaug Lien Myhr frå Gol i Hallingdal har sidan 1980-talet turnert for Rikskonsertene både som songar, dansar og felespelar med fleire hundre skulekonsertar over store delar av landet. Gunnlaug var med i vokalgruppa Tiriltunga, som sette ein ny standard for arrangert folkemusikk på 80-talet. Gruppa ga ut to album, der den eine vart nominert til Spellemannsprisen. Gunnlaug har seinare gjeve ut fleire eigne CD-produksjonar med tradisjonsstoff frå Hallingdal og har medverka på fleire andre album.

Gunnlaug er ein svært dyktig dansar og har vore med og vunne Kongepokalen i dans hardingfele på Landskappleiken. Ho er og ein merittert deltakar på eit utal kappleikar som ein av dei fremste utøvarane innan vokal folkemusikk frå Hallingdal. Gunnlaug har og vore mykje brukt som dommar i både song, dans og spel.

Gunnlaug har gjennom mange år samla inn og transkribert folketonar frå arkiv og ulike kjelder i Hallingdal, og i 2015 ga ho ut sitt store livsverk «Folkesong i Hallingdal», ei imponerande samling med 600 lokale folketonar frå seks Hallingdals-kommunar. Ho ga samstundes ut ein CD med same tittel der noko av songmaterialet er presentert.

Ho har henta fram og vitalisert den «gløymde» langeleik-tradisjonen i Hallingdal, og har dei siste åra dessutan lagt ned mykje arbeid i å studere gamle arkivopptak av hallingspringaren, og funne former som elles kunne vorte gløymt.

Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr


Martin Myhr
frå Trysil var ein av dei første folkedansarane i Noreg som våga å satse som profesjonell utøvar allereie på 80-talet, og har ein 40 år lang og mangslungen karriere å sjå attende på. Han har gjennomført over 2500 folkemusikkonserter på skular over store delar av landet i regi av Rikskonsertene. Martin er ein av dei beste hallingdansarane i landet, med heile 7 sigarar på Landskappleiken! Han er og er ein sterk A-klassedansar med Trysil-runnomen.

Martin var tidlegare skogsarbeidar og tømmerfløytar og har vore med på å vise fram og ta vare på tømmerfløytartradisjonen i Trysil i fleire teateroppsettingar. Han har delteke i eit utal andre teateroppsettingar både i Noreg og Sverige som skodespelar og hallingdansar, og er spesielt kjend som hallingdansande nisse i den populære juleforestillinga Putti Plutti Pott med over 1500 framsyningar!

Han var med i Frikar i dei fyrste danseforestillingane som dansekompaniet laga og framførte, og var med i «Dei gamle er eldst…»2018; ei danseframsyning om seniorane i hallingdansen laga av Silje Onstad Haalien. Framsyninga har blitt vist på mange av dei større folkemusikkscenene og -festivalane i landet.

Martin har gjennom mange år vorte mykje som instruktør på halling- og pardanskurs for barn og unge over heile landet, og har vore tilknytt SFF-senteret og Bygda dansar-prosjektet. Han blei honorert for sitt arbeid for folkedansen gjennom Hilmar Alexandersen-prisen i 2010 og RFF-prisen i 2011.

Ekteparet Gunnlaug og Martin har også i fellesskap lagt ned ein svært stor innsats for folkemusikken og dansen. Vinteren 1996 starta dei med opplæring innan pardans, halling, kveding, langeleik og hardingfele for barn og unge frå heile Hallingdal på ungdomshuset Hugnadheim på Torpo, og har sidan halde på utan stopp. Der har også «Storhelg i Hallingdal» – ei kurshelg for folkemusikk- og folkedansinteressert ungdom, årleg samla opp til 100 ungdomar frå heile Sør-Noreg.

I tillegg til aktiviteten på Hugnadheim har dei starta opp og organisert Hallingdal Juniorspelemannslag, og i 2007 gjennomførte dei eit prosjekt på ungdomsskulane i Hallingdal der alle 800 ungdomsskule- elevane i dalen fekk danse hallingspringar. Sidan 2018 har dei drive UngHalling – eit rekrutteringsprosjekt med stønad frå Folkorg og Dextra Musica, med nybyrjaropplæring av barn på langeleik, toradar, hardingfele og kveding.

Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr