Gnist-prisen 2022
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge.

Gnist-prisen er på 15 000 kr, og formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.

Gnist-prisen delast ut på Landskappleiken, og vart i år delt ut i samband med tevlinga i Halling A i ein fullsett Saaheimhall.

Prisen er gjeven av Gnistfonden for Unge
Det er Gnistfonden for Unge som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen: ” Min erfaring er at folkedansmiljøet er et godt miljø for barn og unge, og vi har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gi penger til lag som jobber med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Lagene er en arena der en får opplæring, utvikler seg sammen, og der en kan føle seg hjemme. Det er viktig at barn og unge som driver med folkedans har et lag der alle har en plass, uansett ferdigheter og ambisjonsnivå.

Ungdommer er en sårbar aldersgruppe, og det er viktig at lagene jobber slik at de tar vare på dem. Ungdommene er også forbilder for nye dansere, og derfor viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverende at flere driver med samme hobbyen på en plass, og at man har et lag som er kjekt å være med i.”

Gnist-prisen 2022 til Spelemannslaget Fjelljom!
Frå prisutdelinga i Saaheimhallen

Gnistfonden for Unge er oppretta av Eva, Nikolaj og Silje Fischer. Fondet er på DKK 4 millionar og skal delast ut i løpet av dei neste 10 åra. Fondet har som formål å hjelpe unge med utfordringar gjennom inkludering i dansk og/eller norsk kultur, og er ikkje avgrensa til å berre gjelde dans, song og kunst.

Fondet skal mellom anna støtte prosjekt med fokus på integrering av unge flyktningar og støtte ulike prosjekt, organisasjonar o.l. som har som formål å hjelpe unge med ulike, fysiske og/eller psykiske utfordringar. Fondet har eit vidare fokus på internasjonale prosjekt, der unge kan bli kjent med kvarandre på tvers av landegrenser og ulike kulturar.

Her er juryen si grunngjeving for prisvinnarane i 2022:

Årets vinnarar av Gnist-prisen har i ei årrekkje drive med opplæring av born og ungdom i folkedans. Førebileta i laget har ein eineståande evne til å skapa eit trygt sosialt miljø for dei unge i laget, der dansegleden står i fokus. Formålet med Gnistprisen er nettopp å støtte og sette fokus på viktigheten av å ha lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. 

Ekteparet Arne og Asbjørg Sølvberg har vore primus motor for folkedansopplæringa i laget heilt sidan 1979, og med dei har fleire generasjonar vore med på å bringe den lokale tradisjonen vidare. Dansegruppene i laget har delteke på lokale og nasjonale kappleikar, i tillegg til at dei har mange framsyningar i lokalmiljøet. Dei har også vore med på folkedansprosjektet Folkepedia, som produserer danseopplæringsfilmar innan folkedans med barn og ungdom frå heile landet.

Det er med glede vi vil gje Gnist-prisen for 2022 til Spelemannslaget Fjelljom.

Tidlegare vinnarar av Gnist-prisen:
2017: Hugnad Ungdomslag
2018: Gransherad Spel og dansarlag
2019: FolkemusikkUNG

2020: Leikarringen i BUL Oslo
2021: Ikkje delt ut