Frifond organisasjon er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske vilkåra for frivillige organisasjonar og deira kulturaktivitetar for barn og unge. FolkOrg har difor fordelt tilnærma 2/3 av potten etter ein fordelingsnøkkel på tal på medlemmar under 26 år i kvart lag. 1/3 har gått til prosjekt spesielt retta mot barn og ungdom under 26 år.

Det er anbefalt at organisasjonen tek opp til 5% av den tildelte summen til administrasjon. Når dette er trekt i frå, står det att kr. 585 165 til utdeling til laga som har søkt.

Meld barn og unge i laget ditt inn i FolkOrg!
I retningslinene for Frifond organisasjon får FolkOrg tildelt Frifondmidlar – 50% etter tal på lag med minimum 1/3 av medlemmar under 26 år og 50% etter tal på betalande medlemmar under 26 år. Medlemmar under 26 år er altså grunnlaget for den summen FolkOrg får til utdeling til lokallaga sine. Det er difor særs viktig at laga melder barn og unge inn i FolkOrg.

Prosjektsøknadene er vurdert etter:

  • Prosjekt retta mot barn og unge under 26 år
  • Lengde og omfanget på prosjektet/kurset
  • Godt planlagde prosjekt vert prioritert
  • Prosjekt i område som treng et løft er også prioritert

Les retningslinene godt!
Det er viktig at alle som får Frifondmidlar les retningslinene godt og held seg til rapporteringsfristar. 

Her kan du lese retningslinjene for Frifondmidlar (pdf-fil)
 

Her kan du sjå heile tildelinga for 2024
Tildeling Frifond 2024


Rapporteringsskjema
Du kan rapporterte enkelt til oss ved å fylle inn direkte i vårt rapportskjema:
Rapporter direkte i dette webskjemaet

Dersom du heller vil sende inn rapport pr e-post, kan du sende pr e-post til solfrid@folkorg.no.

Send inn rapport innan 31. januar 2025

(Ved stønad til drift skal rekneskap sendast innan 1. mars 2025)

Dersom du har problem med å fylle ut det vedlagte skjemaet kan du ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk (solfrid@folkorg.no) for hjelp.

Klage på vedtak
Laga kan klage på saksbehandling, vedtak om avslag og vedtatt fordeling. Skriftleg klage skal sendast til FolkOrg innan tre veker etter at tildelingsbrev eller avslagsbrev er sendt. Klagen blir vurdert av administrasjonen og blir endelig behandla av styret i FolkOrg.