Frifond organisasjon er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske vilkåra for frivillige organisasjonar og deira kulturaktivitetar for barn og unge. FolkOrg har difor fordelt tilnærma 2/3 av potten etter ein fordelingsnøkkel på tal på medlemmar under 26 år i kvart lag. 1/3 har gått til prosjekt spesielt retta mot barn og ungdom under 26 år.

Det er anbefalt at organisasjonen tek opp til 5% av den tildelte summen til administrasjon. I år vart dette 4,8%. Då står det igjen kr. 515 848 til laga som har søkt.

Meld barn og unge i laget ditt inn i FolkOrg

I retningslinene for Frifond organisasjon får FolkOrg tildelt Frifondmidlar – 50% etter tal på lag med minimum 1/3 av medlemmar under 26 år og 50% etter tal på betalande medlemmar under 26 år. Medlemmar under 26 år er altså grunnlaget for den summen FolkOrg får til utdeling til lokallaga sine. Det er difor særs viktig at laga melder barn og unge inn i FolkOrg.

Prosjektsøknadene er vurdert etter:

  • Prosjekt retta mot barn og unge under 26 år
  • Lengde og omfanget på prosjektet/kurset
  • Godt planlagde prosjekt vert prioritert
  • Prosjekt i område som treng et løft er også prioritert

Les retningslinene godt!
Det er viktig at alle som får Frifondmidlar les retningslinene godt og held seg til rapporteringsfristar. 
Les retningslinene som gjalt til og med 2019 her:
Retningslinjer for Frifond organisasjon 2019

Klage på vedtak

Laga kan klage på saksbehandling, vedtak om avslag og vedtatt fordeling. Skriftleg klage skal sendast til FolkOrg innan tre veker etter at tildelingsbrev eller avslagsbrev er sendt. Klagen blir vurdert av administrasjonen og blir endelig behandla av styret i FolkOrg.

Her kan du sjå heile tildelinga for 2019

Fordeling Frifond2019