Aktivitetstilskot frå FolkOrg vart oppretta i 2021 og har som føremål å bidra til lokale arrangement og lokal aktivitet i heile folkemusikk og folkedansmiljøet.

I søknadsrunden 2022 kom det totalt inn 21 søknadar, med ein samla søknadssum på kr. 435 000,- , og 20 av desse fekk innvilga søknaden.

Det er gledeleg å sjå at det kom inn så mange søknader til denne tilskotsordninga, og vi ser fram til mange flotte aktivitetar i 2022!

HER KAN DU SJÅ KVEN SOM FEKK TILDELT STØTTE (pdf-fil)