FolkOrg har i 2021 sett av kr. 300 000,- til ein eigen stønadsordning: Aktivitetstilskot. Formålet med ordninga er å bidra til lokal aktivitet og lokale arrangement i heile landet, sjølv om mange faste arrangement og kappleikar, som til dømes landsfestival og landskappleik, har vorte avlyst i år.

Eit anna mål med ordninga er å bidra til inkluderande tiltak, for både nye og gamle folkedans- og folkemusikkentusiastar i alle aldrar, rundt om i heile landet.

Mange søkjarar og høg kvalitet
I søknadsrunden kom det totalt inn 37 søknadar, med ein samla søknadssum på kr. 686 857,-, og 29 av desse fekk innvilga søknaden.

Det er gledeleg å sjå at det kom inn så mange søknader til denne tilskotsordninga, og vi ser fram til mange flotte aktivitetar i 2021!

HER KAN DU SJÅ KVEN SOM FEKK TILDELT STØTTE

 

Fordeling av Aktivitetstilskot 2021