FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut FolkOrgs lokallagspris. Prisen, som er på 20 000 kroner, blir i 2023 delt ut til Øystre Slidre spel- og dansarlag.

Øystre Slidre spel- og dansarlag har vore eit av dei største medlemslaga i LfS og FolkOrg i mange tiår. Dei har eit breitt aktivitetstilbod, innanfor rekruttering av både born og vaksne gjennom kurs og andre opplæringstilbod. Dei har høg aktivitet og skapar sosiale møteplassar mellom anna med faste dansekveldar ein gong i månaden, konsertar, spelkurs, dansekurs, dansefestar og fleire årlege arrangement som famnar om folkemusikk- og folkedansmiljøet i Øystre Slidre og i Valdres.

Laget har fleire aktive kappleiksdeltakarar og har lang tradisjon med å delta i lagdans på Landskappleiken. Under årets Landskappleik i Lom var fleire deltakarar frå laget representert innan både spel, dans og song.

Laget har mykje av aktiviteten sin knytt til lagshuset Spelemannsstogo på Herangtunet, eit bygg som laget i dei siste åra har lagt ned mykje arbeid knytt til restaurering og vedlikehald. Leiinga i laget legg ned ein solid arbeidsinnsats, og har i tillegg mange kreative innfallsvinklar til aktiviteten i laget noko som gjer at dei stadig er i utvikling.

 

80-årsjubileum i 2023
Laurdag 7. oktober markerte laget 80-årsjubileet sitt med jubileumskonsert og fest på Tingvang. Denne konserten synte den store breidda i laget med både springar, halling og bonde samt kveding, hardingfele, durspel og langeleik.

Prisdryss
Det vart òg eit stort prisdryss denne kvelden, og laget fekk i tillegg til FolkOrg lokallagspris også tildelt Øystre Slidres kulturpris for 2023 medan Håkon Brusveen Aasen fekk den nyetablerte prisen «Berit og Knut Steinsruds minnepris for unge dansarar i valdrestradisjon».

Det er med stor glede vi gir FolkOrgs Lokallagspris 2023 til Øystre Slidre Spel- og dansarlag!



Styremedlem i FolkOrg, Anders Lunden Herfoss og leiar i Øystre Slidre spel- og dansarlag, Marit Karlberg. 
Foto: Anne Marit Jota

 

Det er styret i FolkOrg som avgjer kven som får FolkOrgs lokallagspris på bakgrunn av innsendte nominasjonar.

Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:

  • Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekruttering for folkemusikk og –dans. (2012)
  • Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner. (2013)
  • Klæbu torader- og danselag for sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt. (2014)
  • Gjøvik spelemannslag, mellom anna for formidling av folkemusikk på eldre folkemusikkinstrument. (2015)
  • Tinn spelemannslag for sitt rekrutteringsarbeid. (2016)
  • Vågå spel- og dansarlag som sterke bidragsytarar til kulturlivet i sin region. (2017)
  • Hardanger spelemannslag for framifrå arbeid for å halde tradisjonane i hevd. (2018)
  • Trysil-Knut Dans og spelmannslag (2019)
  • Setesdal Spelemannslag (2020)
  • Bærum Spellemannslag (2021)
  • Ål spel og dansarlag (2022)