For eit år sidan starta FolkOrg og Balansekunst eit samarbeid om tiltak for forebygging av seksuell trakassering. Arbeidet er ein del av merkeordninga Balansemerket, der Balansekunst gir kurs og rettleiing til kulturverksemder. Sidan den tid har FolkOrg gjennomført ei rekke tiltak i organisasjonen, og oppnår no Balansemerket.

Solide grep

Med 4500 enkeltmedlemmer, 160 lokallag og områdelag og ei rekke ulike aktivitetar og arrangement er det mange ting ein skal tenke på i arbeidet for trygge miljø. FolkOrg har gjennomført kursing i administrasjonen og styret og halde liv i bevisstgjerande samtaler. Administrasjonen har gjort ei grundig kartlegging av risikofaktorar i ulike delar av organisasjonen, som har lagt grunnlaget for ein vidare handlingsplan.

– FolkOrg har tatt solide grep for å undersøke korleis medlemmane opplev organisasjonen, og i kva grad overtramp og ukultur skjer, seier prosjektleiar for Balansemerket, Victoria Øverby Steinland.

Med innspel frå Balansekunst og analyse gjort av Opinion, har FolkOrg samla tal og innsikt gjennom ei spørjeundersøking. Spørjeundersøkinga har vore eit samarbeid med Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Tydelege reglar for eit trygt sosialt miljø og rutiner for varsling er utarbeida og ligg tilgjengeleg på våre nettsider. Her finn ein også risikokartlegginga, slik at alle medlemmer kan lese og bli bevisste maktforhald og risiko.

– Arbeidet med Balansemerket har vore eit spanande og bevisstgjerande arbeid. Vi har no fått auka kunnskap om risikofaktorane i miljøet vårt og i kva for samanhengar uønska ådferd har skjedd. Det har vore til stor hjelp å ha Balansekunst med i dette arbeidet. Deira kunnskap og erfaring har vore uvurderleg, seier Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg.

FolkOrg arbeider óg med å sette temaet på dagsordenen. Under Folkelarm, som gikk av stabelen 25.-28. november, var tema som seksuell trakassering, varsling, privilegier, og arbeid for mangfald løfta fram i programmet.

F.v. Sina Myhr – rådgjevar i FolkOrg, Hilde Reitan – styreleiar i FolkOrg, Linda Dynes – dagleg leiar i FolkOrg, Thomas Michael Walle – styreleiar i Balansekunst, Victoria Øverby Steinland – prosjektleiar for Balansemerket.

 

Motiverande!

Balansemerket blir delt ut for å synleggjere eit pågåande samarbeid og eit arbeid som er i gang. Det er ikkje ein diplom etter endt løp. FolkOrg har klare planar for vegen vidare. Handlingsplanen for 2022 inneheldt mellom anna informasjonsarbeid internt i organisasjonen. Lokallaga, arrangørar og enkeltmedlem blir oppmoda til å gjennomføre Balansekunsts nettkurs, og vidare vil vi lage ein kampanje for å auke bevisstgjeringa kring problemstillinga. I løpet av 2022 skal vi etablere eit system med verneombod i organisasjonen.

– I tillegg til dei grunnleggjande tiltaka som krevs for å få Balansemerket, har FolkOrg tatt initiativ til blant anna ei spørjeundersøking og ei komande kampanje. Det er motiverande for oss i Balansekunst, og vi håpar FolkOrg sitt arbeid vil inspirere fleire verksemder til å gjere liknande tiltak, seier prosjektleiar for Balansemerket, Victoria Øverby Steinland.