Under avsparket for prosjekta i rekrutteringssatsinga i FolkOrg fredag 17. november kunngjorde Eline Moe Melgalvis frå Dextra Musica at dei løyver 3 200 000 kroner til FolkOrg for dei tre neste åra, i tillegg til tildelinga frå 2017. Det vil seie at organisasjonen kan fordele midlar til endå fleire prosjekt.
– Det er viktig for oss å vere med på å synleggjere det viktige arbeidet som blir gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier Eline Moe Melgalvis, prosjektansvarleg i Dextra Musica.

Tildelinga gjev FolkOrg moglegheit til breiare satsing på rekruttering. Dette vil ikkje berre gagne dei yngste, men ein får også moglegheit til å skape dei gode miljøa som sjangeren er kjent for rundt om i heile landet.
– Rekrutteringsarbeid handlar ikkje berre om barn og instruktørar, men også å skape gode møteplassar for alle som likar tradisjonsmusikk og tradisjonsdans, sier Øyvind Sandum, rådgjevar for lokallaga i organisasjonen. – Ein treng frivillige – både forbilde, dansemusikk, pølsekokarar, nattevakter og mykje, mykje meir, held han fram. Med andre ord er dette pengar som vil kome heile Folkemusikk-Noreg til nytte!

– Dette var ei fantastisk melding å få! Vi er særs takksame for at Dextra Musica, gjennom sine rause tilskot, anerkjenner det viktige rekrutteringsarbeidet som no skjer over store delar av landet. Dette vil bidra til at endå fleire vil kunne søkje om støtte, samstundes som dei allereie eksisterande rekrutteringsprosjekta vil kunne få eit meir langsiktig og føreseielege perspektiv – ein viktig føresetnat for å lukkast, avsluttar Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg.