Finalister INTROFOLK 2022

Finalist: Eir Vatn Strøm

Soloprosjektet til Eir er ein kobinasjon av låtskriving og arrangering av tradisjonelle tekstar og melodiar. Instrumentet hennar er ei samansetning av vokal, kraviklyre og live-elektronikk.

Eir har ein bachelorgrad i norsk folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole, og har og teke studiet «Live Electronics», der ho blant anna eksperimenterte med lys. Eir brenn for at musikken skal nå ut til alle typer publikum og har eit ønskje om å gjera folkemusikk like populært som popmusikk. Ho beskriv musikken sin som «minimalistisk og groove-basert» som hell mot elektronisk folkemusikk. Eir komponerar mykje av musikken sin sjølv, samtidig som ho finn inspirasjon i salmer og skillingsviser. Eir seier sjølv at tekstane hennar gjerne har eit nitrist innhald nettopp fordi ho let seg inspirere av salmar og skillingsviser.

 

Finalister INTROFOLK 2022
 

Finalist: Synnøve Brøndbo Plassen

Synnøve var innom fleire sjangarar før ho til slutt fann attende til sine røter innan folkemusikken. Synnøve, som kjem frå Folldal, har fordjupa seg mest innnan musikken frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag.

Synnøve er oppteken av ulike måtar å bruke stemma si på, og sjølv om folkemusikken og songen står henne nærast, ønskjer ho og å utfordre seg sjølv på andre felt. I tillegg til å være folkesongar spelar ho og gitar og lyre. Synnøve lagar mykje musikk sjølv, både innan tradisjonelle former, men og meir vise-inspirert musikk. Målet til Synnøve er å kunne arbeide som folkesonger her i Noreg, men og å kunne reise rundt i verden for å få nye impulsar frå musikare i andre krokar av verda.

 
Finalister INTROFOLK 2022

Finalist: Malin Alander

Malin interesserar seg spesielt for det frie, tidlause og ornamentrike uttrykket ein finn i samlar og bånsullar. Malin vil jobbe meir med å utforske materiale frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn framover.

Det musikalske uttrykket hennar som folkesongar vil ho beskrive som sårt, dynamisk og dramatisk. Malin freistar å bruke heile kroppen i tillegg til stemma når ho syng. Sjølve songane held ho gjerne tradisjonelle, men ho leikar seg ofte med improvisasjonar og komposisjonar der ho let seg inspirere av stemninga, teksten eller melodien i songen. Malin har eit ønskje om å jobbe breidt, både lokalt og nasjonalt, i tida som kjem. Ho brenn for å formidle tradisjonen sin til ulike publikum.

 

Kva er INTROFOLK? 
«INTROFOLK — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. INTROFOLK er ein musikkonkurranse, og i tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira.

Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Fortsatt samarbeid med Gramo
«Vi i Gramo er glade for samarbeidet med FolkOrg om Introfolk 2022. Gjennom sponsoravtalen kan vi spre budskapet om at vi fordeler og utbetaler vederlag til musikere og artister når de blir spilt på radio eller i det offentlige rom. Samtidig kan vi støtte unge, lovende talenter i startgropa av karrieren. Vi er spente på hvem som blir «årets unge folkemusiker 2022» og vinner av Gramo-stipendet på 100 000 kroner!» sier Rita H. Mamelund i Gramo.

Finale på Folkelarm!
Tre av seks finalistar gjekk vidare til finala som er på FOLKELARM i november! Semifinala er ein del av Folkelarmprogrammet, du kan sjå heile programmet her.

Finalister INTROFOLK 2022Finalister INTROFOLK 2022
Finalister INTROFOLK 2022