Einar Eimhjellen er fødd 4. mars 1938 i Naustdal i Sogn og Fjordane og har gjennom eit langt liv som spelemann og organisator gjort ein stor innsats for tradisjonsmusikken i sitt distrikt. Han var med på å skipe Naustedalen spelemannslag i 1953 og vart musikalsk leiar i 1968, eit verv han hadde i heile 50 år før han ga frå seg stafettpinnen i 2018.

På slutten av 70-talet starta han Naustedalen toradergruppe, der han òg var musikalsk leiar og Einar Eimhjellens gamaldansorkester i 1980. Han har vore med på fleire plateutgjevingar med både spelemannslaget, toradergruppa og gamaldansorkesteret. Frå 1996-2000 var han styreleiar Sogn og Fjordane Folkemusikklag, og sat som styreleiar i spelemannslaget i fleire år.

Einar Eimhjellen har gjort eit stort arbeid med innsamling av slåttar og biografiar om spelemenn frå sitt tradisjonsområde. På slutten av 80-talet etablerte han sitt eige musikkproduksjonsselskap der han ga ut både CD’ar og lydopptak i tillegg til to notehefte med slåttemusikk.

Han har reist utallege gonger over Atlanteren som musikalsk leiar for spelemannslaget og si eiga gamaldansgruppe, og har heldt mange kurs og konsertar i USA. Der har han og samla inn slåttestoff frå nolevande tradisjonsbærarar.

Årets heidersmedlem har og jobba aktivt med å løfte munnspeltradisjonen fram i ljoset, og er musikalsk leiar i Fjordane og Møre munnspellag. Han var med og stifta det landsdekkende laget Tradisjonsmunnsspill der han er administrator og instruktør for dei årlige kursa.

Einar har for sitt lange musikalske verke motteke både H.M. Kongens fortenestemedalje i 2008 og folkemusikkprisen til Sogn og Fjordane.

Vi gratulerer med vel fortent utnemning som heidersmedlem i FolkOrg!

Sjølve utnemninga gjekk føre seg under den store folkemusikksendinga til FolkOrg lørdag 3. Oktober. Du kan sjå heile sendinga (i tre deler) her

Einar Eimhjellen er nytt heidersmedlem i FolkOrg!
Einar Eimhjellen - Heidersmedlem i FolkOrg
Einar Eimhjellen er nytt heidersmedlem i FolkOrg!
Thomas Nilssen og Hilde Reitan deler ut diplom og medalje som synleg prov på Heidersmedlemskapet
Einar Eimhjellen er nytt heidersmedlem i FolkOrg!
Einar Eimhjellen og styreleiar Hilde Reitan

Her kan du sjå den delen av sendinga som omhandlar utnemning av Einar som Heidersmedlem i FolkOrg.

Film: Fabelaktiv / Pål Bratås

Einar Eimhjellen er nytt heidersmedlem i FolkOrg!
Einar Eimhjellen - Nytt Heidersmedlem i FolkOrg

Foto: Kjersti Bratås