Hennes Majestet Dronninga vitjar årets Landskappleik i Vågå søndag 30. juni 2019. FolkOrg og Vågå Spel- og dansarlag er arrangør av Landskappleiken 2019, og Dronning Sonja vil vere til stades under meisterkonserten. Dronning Sonja er høg beskyttar av FolkOrg (frå før 2009 av Landslaget for spelemenn). Ordninga fungerer som ei verdsetjing av organisasjonar og arrangement innanfor viktige områder av samfunnslivet.

Dette vert andre gongen Dronninga vitjar eit av FolkOrg sine arrangement, men første gongen ho vitjar Landskappleiken. Leiar for Landskappleiken 2019, Kjærsti Gangsø, gler seg over nyhenda om at Dronning Sonja kjem til Vågå :

”Vi er overvelda! Dette er veldig stor stas for oss, og det har stor betyding for Landskappleiken. Vi nordmenn har eit godt forhold til kongefamilien vår, og det er stort for oss i Vågå å få besøk av Dronning Sonja. Dette er ei anerkjenning til arrangementet, til organisasjonen og til Vågå, og vi er lykkelege for å få lov til å ta imot henne”, seier leiar for Landskappleiken 2019, Kjærsti Gangsø.

Meisterkonserten er avslutningskonserten på Landskappleiken, der Dronninga får oppleve mange av klassevinnarane på kappleiken, samt kven som vinn Kongepokal i spel hardingfele. Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, er også glad for at Dronning Sonja får oppleve folkemusikkens eldste og største arrangement i sommar:

”Eg er både stolt og glad for at Dronning Sonja har takka ja til vår invitasjon til Landskappleiken 2019 i Vågå. Det betyr mykje for oss at ho, som vår høge beskyttar, gjev folkemusikken og -dansen denne merksemda. Vi gler oss til å presentere alle dei dyktige vinnarane i både song, spel og dans under den varierte og flotte Meisterkonserten som Dronning Sonja vil overvære på sundag”, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

 

 


Bilde frå mottakinga av H. M. Dronning Sonja i samband med Meisterkonserten i Operaen 2014.