Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Per Anders Buen Garnås -  Årets folkemusiker 2022

Årets Folkemusiker 2022 er Per Anders Buen Garnås! 

Årets folkemusikar er ein markant tradisjonsbærar  med stor formidlingsevne og talegåver, og er ein av våre fremste folkemusikkutøvarar i dag. Han har brukt heile livet på å lære seg solotradisjonen frå sitt distrikt, og har gjennom kunnskap og forståing for ulike stildrag og mangfald av slåtteformene, gjeve slåttetradisjonen  eit sterkt og personleg uttrykk, som berører […]

Årets folkemusikar er ein markant tradisjonsbærar  med stor formidlingsevne og talegåver, og er ein av våre fremste folkemusikkutøvarar i dag. Han har brukt heile livet på å lære seg solotradisjonen frå sitt distrikt, og har gjennom kunnskap og forståing for ulike stildrag og mangfald av slåtteformene, gjeve slåttetradisjonen  eit sterkt og personleg uttrykk, som berører lyttarane.

Årets folkemusikar driv hovudsakleg med solotradisjon og har vunne landskappleiken fire gongar. Sidan tenåra har musikken vore ein stor del av levebrødet hans gjennom konsertar og turnear i inn- og utland. I 2012 blei han tildela 2-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd. I 2021 fekk han 1-årig arbeidsstipend frå same instans, samt Rolf Gammlengs pris  til utøvande kunstnarar.

Han har fleire CD-utgjevingar bak seg, både som solospelemann og som medverkande musikar. I år har han gjeve ut to cd’ar; ein med 20 år gamle opptak av slåttespel og  ein med nye innspelingar, mellom anna av eigne og  særeigne slåttekomposisjonar. For soloalbuma har han vunne Folkelarmprisen to gongar og vore nominert til Spellemannprisen 3 gongar. Han har og vunne gullplate både for singel og for album saman med bandet Byting, der han var fast medlem i fleire år.

I år har han turnert med ein konserttriologi om Myllaren, Gibøen og Fykerud, som er bland dei tre største kjeldene for slåttemusikk her i landet frå 1800-talet. Her får publikum møte den eminente spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders Buen Garnås, som er årets folkemusikar.

 

Årets Folkemusiker 2022 er Per Anders Buen Garnås! 
Per Anders Buen Garnås - Årets folkemusiker 2022
Foto: Runhild Heggem
Årets Folkemusiker 2022 er Per Anders Buen Garnås! 
Per Anders Buen Garnås - Årets folkemusiker 2022
Foto: Runhild Heggem

Del artikkelen: