Det var med sorg og vemod FolkOrg fekk bodskapen om at Birgit Rike Lund var gått bort. Birgit nådde å vera eit av dei store førebileta for unge kvedarar som ville lære av dei rike kvedartradisjonane i Setesdalen.

Me var heldige som fekk ha henne som menneske, utøvar og tradisjonsformidlar gjennom så mange år. For ho fekk eit langt liv. Ho var fødd i 1925, og var såleis berre to år yngre enn Landslaget for spelemenn. Og det var Landslaget, forløparen til FolkOrg, som utnemnde Birgit Rike Lund til heidersmedlem i organisasjonen i 2003. Det skjedde på landskappleiken på Gjøvik det året, til stor fagnad. Dette blir ikkje så mange til del, og på den tid var det heller ikkje så mange vokale utøvarar som hadde fått ei slik utnemning. Det seier ein del om den statusen Birgit hadde oppnådd for nesten 20 år sidan.

Birgit blei den gongen heidra for sine topp-prestasjonar på kappleikar og konsertar i Noreg – og i Amerika, for å ha gjort setesdalstradisjonen kjent gjennom kringkastinga, og ved i mange år å ha verka som folkemusikkpedagog ved Ole Bull-akademiet på Voss. Ein rotfest tradisjonsberar, utøvar av svært høg klasse og ein trygg og ettertrakta formidlar i det moderne utdanningssystemet. I 1998 hadde ho også oppsummert sine likaste tonar på plate, i utgjevinga Med rosur raude.

Med sitt blide og logne vesen bruka Birgit mykje av livet sitt til å vidareføre stev og viser, salmar og bånsullar til dei som ville høyre og dei som ville lære. Rikdomen i den enkle røysta men likevel komplekse musikken var ei livslang utforsking for henne. «Der er så uendeleg mange flotte tonar», sa Birgit, ho hadde jamvel levd så lenge at ho hugsa den gamle frie salmesongen frå før orgelet kom til Valle.

Ei røyst har tagna, men tonen hennar Birgit lever vidare i oss.

Med stor takk lyser me fred og signing over Birgit Rike Lund sitt minne.

Birgit Rike Lund
Fotograf: Ingvil Skeie Ljones 

Bildet vart teke i forbindelse med artikkel i magasinet Folkemusikk, du kan lese artikkelen her.