Aslak Brimi er tilsett som ny dagleg leiar i FolkOrg

Etter ei heilskapleg vurdering har eit samrøystes tilsettingsutval og styre i FolkOrg konkludert med at Aslak Brimi er rett person i stillinga som dagleg leiar i FolkOrg. Brimi vart formelt tilsett i stillinga torsdag 4. mai og tiltrer i slutten av august.

Allsidig og kompetent dagleg leiar
Aslak Brimi er ein kjent og svært respektert musikar og komponist, og også ein engasjert debattant og meiningsytrar innan folkemusikkfeltet. Han er felespelar frå Lom, og har sidan barndommen arbeidd med tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen. Han har folkemusikkutdanning frå Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland, Universitetet i Søraust-Noreg, og er utdanna kjemikar frå NTNU i Trondheim. Han bur og arbeider i Oslo som lektor og avdelingsleiar ved Mailand VGS, i tillegg til å vere utøvande og skapande musikar.

Aslak er nyskapar og komponist både i folkemusikk- og visesjangeren, og har gjeve ut fleire album som soloartist og i samarbeid med andre artistar, både innan tradisjonsmusikken og i meir sjangeroverskridande produksjonar. Han har gjeve ut barnebøker og CD’ar, er og har vore sensor på Noregs musikkhøgskole og på musikkliner på vidaregåande skular. Han er musikalsk leiar for Gudbrandsdølenes spelemannslag i Oslo og er også medlem i Lom spel- og dansarlag.

Han har vunne Folkelarmprisen to gonger, og blei kåra til Årets folkemusikar i 2016. Han har vore nominert til Folkelarmprisen og til Spellemannsprisen fleire gongar, siste gong i 2023, da han var nominert med barneplata «Teleskopter og andre usynlege ting». I tillegg til eigne utgjevingar, har han vore prosjektansvarleg på fleire plateproduksjonar og konsertar /konsertturnear. Han har vunne Landskappleiken fem gongar, og i 2015 fekk han Statens to-årige kunstnarstipend.

«Aslak kjenner organisasjonen godt, både som aktiv utøvar og som tidlegare styremedlem, og vi er svært nøgd med å få ein så allsidig og kompetent dagleg leiar i FolkOrg», seier styreleiar Hilde Reitan.

«Tilsettingsutvalet, med representantar frå styret og dei tilsette, har gjennomført ein grundig tilsettingsprosess der  vi har hatt fleire aktuelle og gode kandidatar på søkjarlista. Det er positivt å registrere at fleire av kandidatane ikkje har direkte tilknyting til FolkOrg, noko eg tolkar som at vi er ein synleg og relevant kulturorganisasjon for kulturarbeidarar  også utanfor folkemusikkmiljøet.

Etter ei heilskapleg vurdering har eit samrøystes tilsettingsutval og styre konkludert med at Aslak Brimi er rett person i stillinga som dagleg leiar i FolkOrg. Vi ønsker Aslak hjarteleg velkomen på laget», avsluttar styreleiaren.

Brimi vil tiltre i stillinga i slutten av august.

Aslak Brimi er ny dagleg leiar i FolkOrg
Foto: Johannes Selvaag