Årets vinnar er ein arrangør som inkluderer dansen som ein betydeleg del av sitt program. Dei har gjennom mange år jobba målretta og satsa sterkt på danseaktiviteten, og dansen har på mange måtar vore ein berande del av aktiviteten i distriktet, både scenisk og sosialt. Dei har på sine arrangement byrja med dansevertar, eit tilbod som gjer det enklare for dei som ikkje er så øvde på dans å by opp.

Vinnaren har óg ein viktig finger med i spelet når det gjeld rekruttering. Dei arrangerer årleg sommarkurset Strunkeveko, eit kurs som tiltrekkjer seg elevar frå heile Sør-Norge. Med andre ord er det ein vinnar som set dansen i fokus på sine arrangement, både blant unge og eldre.

Prisen vart delt ut under Meisterkonserten i Operaen sundag 20. november 2016.

Vinnaren av årets folkemusikkarrangør 2016 er Valdres folkemusikkarrangement AS.