Gode, kunnskapsrike og kreative folkemusikkarrangørar er avgjerande om utøvarane skal ha ein stad å presentera seg, og publikum ein stad å møte dei. FolkOrg har difor innstifta prisen som Årets folkemusikkarrangør, og 2015 er det fjerde året i rekka vi deler ut denne prisen.

Tidlegare vinnarar er Colombi egg, Riksscenen og Kalottspel.

Prisen skal vera ein heider til dei beste arrangørane, og ein synleggjering av godt arrangørarbeid.
Prisen er ein diplom og kr. 10 000

Hovudkriterier i år har vore ”Samfunnsansvar og medvit om korleis ein gjennom folkemusikk og folkedans kan påverke menneske, samfunn og miljø”.

Styret i FolkOrg nominerte i år tre litt ulike arrangørar:

Folkemusikkscena Røros
Eit samarbeidsprosjekt mellom spelemannslag Brekken og Glåmos og Røros Folkedanslag

Folkemusikkscna i Rauland
Starta som eit samarbeidsprosjekt mellom spelemannslaget Falkeriset,Raulandsakademiet , det lokale folkeakademiet, Institutt for Follkekultur ved HiT og den norske Folkemusikkscena. I dag er det ein eigen frivillig organisasjon

Naustedalen spelemannslag
Eit lag som gjennom mange år har vore ein institusjon i lokalmiljøet, med vekt på å presentera folkemusikken og folkedansen sine styrker og mogelegheiter som sosial aktivitet.


OM VINNAREN SEIER JURYEN:

Vinnaren har ved fast dansearrangement kvar veke i mange år etablert det til å bli ein institusjon i lokalmiljøet, og har gjort ein stor jobb med å presentera folkemusikken og folkedansen sine fortrinn som sosial aktivitet. Psykisk utviklingshemma blir særleg invitert til arrangementet, og får delta både i spel og dans.

Gjennom kontakt med internasjonale folkemusikarar arrangerer dei og jamt konsertar der folkemusikk frå andre land blir presentrert . Til aktiviteten høyer også opplæring av barn og unge, og jamnlege besøk på institusjonar der det blir spelt til dans.

Dei ser på folkemusikken og – dansen som allsidig, og har som mål å nå alle deltakarar og publikum.

Arrangører har gjennom sin aktivitet etablert seg som ein aktør som fremjar likeverd og tilbod for alle, og der folkemusikken og folkedansen kjem til sin rett som ein aktivitet med tydeleg sosial profil. Vinnaren stettar på svært god måte kriteriet for «årets folkemusikkarrangør».


Vinnar av «årets folkemusikkarrangør» er:

NAUSTEDALEN SPELEMANNSLAG

Per Øyvind Tveiten - Foto Runhild Heggem
Rigmor Bjørkedal tar imot prisen på vegne av laget.
Foto: Runhild Heggem