Det var fullsatt sal da FolkOrg inviterte til årets utdeling av Folkelarmprisen torsdag kveld! Folkelarmprisene deles ut hvert år under Folkelarm, og markerer også åpninga av bransjetreffet for nordisk folkemusikk og dans på Riksscenen. Statssekretær Even Aleksander Hagen stod for den offisielle åpninga av Folkelarm 2023.

BENEDICTE MAURSETH ER ÅRETS FOLKEMUSIKER!
Årets folkemusikar 2023 har gjennom mange år markert seg som musikar, komponist og forfattar. Med folkemusikken som kjerne, er ikkje vinnaren redd for å gå inn i nye felt, anten det er nye sjangrar musikalsk eller nye arbeidsformer. Vinnaren har ei evne til stadig å vere i endring og klarer å byggje solide kunstnariske prosjekt som står seg over tid.

Dei siste åra har vinnaren både spelt inn hardingfeleslåttar frå heimtraktene sine, og samstundes skrive og framført ny musikk for Ultimafestivalen. I tillegg til dette har ho gjort eit stort pionerarbeid som forfattar, ved å skrive ei bok som tek føre seg ein viktig og gløymd del av den norske folkemusikksoga. Årevis med hardt bakgrunnsarbeid har ført til ei bok om dei kvinnelege felsepelarane, og ein CD der årets folkemusikar sjølv har vore redaktør og gjort eit utval for å syne ulike kvinnelege utøvarar.

Prismottakaren er ein person som alltid ønsker å komme djupare ned i materien, både i historia og i musikken. Alt ho driv med har kvalitet i alle ledd, og me kan berre tenkje oss alt denne personen har i vente.

Årets folkemusiker 2023 er Benedicte Maurseth
Benedicte Maurseth - årets folkemusiker 2023
Foto: Anders Lillebo