Årets folkemusikar 2018 har djupare tradisjonsforståing enn dei fleste, og er samtidig grenselaus med tanke på kva for samanhengar ho tek med seg instrumentet sitt inn i. Ho komponerer ny musikk i mange sjangrar, og ho leiter fram gammal og stundom gløymd musikk som ho synest publikum i dag fortener å høyre. Ho syner oss historia gjennom å utforske hardingfelehistoria og eldre slektningar av instrumentet, og ho syner oss framtida gjennom å ta i bruk det rike klangregisteret til hardingfela på nye måtar.

Sidan solodebuten i 2006 har ho medverka på tjue plater. I 2018 har ho gitt ut fire plater med like mange grupper – Slagr, Tokso, Sogesong og Aurora Borealis – med musikk som spenner frå tysk mellomaldermusikk og norske balladar til kammermusikk og fri improvisasjon. I tillegg har ho bidratt til sceniske verk i Noreg og Danmark.

Den førre plata hennar med tradisjonelt solospel, Strimur, vann i 2017 Folkelarmpris for solospel og Spellemannpris i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk. For tida skriv ho på eit verk som blir urframført av Telemark kammerorkester og Slagr våren 2019.

Som skribent har jo gjort seg merkt som spaltist i Klassekampen og Morgenbladet. I eit sikkert språk presenterer og forklarar ho folkemusikk, musikkfaglege problemstillingar og annan fagkunnskap til eit allment publikum. Som redaktør for Kvinten og Årbok for norsk folkemusikk har ho vore ei sentral kraft og viktig stemme i organisasjonslivet innan norsk folkemusikk.

Ein samstemt jury har vedteke at årets folkemusikar 2018 er Anne Hytta frå Sauland i Telemark.

Jury for Folkelarmprisen 2018 er:
Per Anders Buen Garnås, Rikke van Ommeren, Kirsten Bråten Berg, Åsmund Reistad og Pål Bratås


Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen overrakte prisen for Årets folkemusiker 2018 til Anne Hytta under Meisterkonserten i Operaen. Med på bildet er Aslak Brimi og Solbjørg Tveiten som var programledere for konserten.

Anne Hytta

Anne Hytta

Alle foto: Ingvil Skeie Ljones