Dette ble sagt om Årets folkemusiker i forbindelse med utdelingen under Meisterkonserten i Operaen søndag 20. november 2016:

Juryen for Folkelarmprisen har i år fått inn svært mange sterke kandidatar som vart vurdert som verdige mottakarar av den gjeve tittelen Årets Folkemusiker.
Det var likevel ikkje tvil om kven som var den aller sterkaste kandidaten, og ein samla jury har bestemt at årets pris går til ein enkeltperson.

Årets Folkemusiker er relativt ung, men likevel svært erfaren innan sin sjanger. Personen vart nærmest født med instrumentet sitt under armen og vi kan nesten sjå for oss han sitte på golvet og stirre på spelande slektningar opp gjennom barneåra.

Årets Folkemusiker er av det kalibret som får til alt han har bestemt seg for. Han er nyskapande og kreativ, men samstundes svært tradisjonsmedveten og kunnskapsrik. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger, og har ei rekke CD-utgjevingar bak seg. Årets Folkemusiker har leia eit spelmannslag som har hevda seg sterkt ved fleire kappleikshøve, og dette laget har også gjeve ut album som har våre nominert til Folkelarmpris tidlegare.

Årets Folkemusiker fekk statens kunstnarstipend for 2015 og 2016, og på den tida har han utretta svært mykje. Han har hatt prosjektansvar i samband med å samle inn og skrive ned musikk av spelmannen Sjugurd Garmo. Dette resulterte i eit notehefte og CD-produksjonen «Atterljomen» saman Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim. Han har og vore ein sentral aktør i prosjektet med å skrive ny musikk til tekstar av Tor Jonsson i samband med 100-årsjubileet, og ga nyleg ut plata Einseto med Tor Jonsson Orkester. I november er han også månadens artist på Riksscenen i Oslo.

Årets Folkemusiker kjem frå Gudbrandsdalen. Nærmare bestemt frå Garmo i Lom og heiter Aslak Brimi.

VINNAR AV ÅRETS LOKALLAG 2016

Vinnaren av årets lokallag har greidd å byggje opp eit sterkt miljø for unge folkemusikere og folkedansere. Dei er eit levande bevis på at tradisjonar som er på veg til å bli gløymde kan få nytt liv med godt samarbeid og sterke ildsjeler.

For knappe ti år sidan var det nesten ingen unge som dreiv med folkemusikk eller folkedans i dette distriktet, men no har dei bygd opp ei gruppe på om lag 70 born og ungdommar. Vinnaren er eit levande døme på at samarbeid mellom lokalmiljøet, kulturskule, friviljuge og lokale ressursar gjev resultat.

Vinnaren av årets lokallag er Tinn spelemannslag.

VINNAR AV ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2016

Årets vinnar er ein arrangør som inkluderer dansen som ein betydeleg del av sitt program. Dei har gjennom mange år jobba målretta og satsa sterkt på danseaktiviteten, og dansen har på mange måtar vore ein berande del av aktiviteten i distriktet, både scenisk og sosialt. Dei har på sine arrangement byrja med dansevertar, eit tilbod som gjer det enklare for dei som ikkje er så øvde på dans å by opp.

Vinnaren har óg ein viktig finger med i spelet når det gjeld rekruttering. Dei arrangerer årleg sommarkurset Strunkeveko, eit kurs som tiltrekkjer seg elevar frå heile Sør-Norge. Med andre ord er det ein vinnar som set dansen i fokus på sine arrangement, både blant unge og eldre.

Vinnaren av årets folkemusikkarrangør 2016 er Valdres folkemusikkarrangement AS.

ANDRE PRISVINNERE

  • Vinner av Folkelarmprisen 2016 i kategorien «Solist»: Ottar Kåsa – Kjoskrullen. Plateselskap Ta:lik DA
  • Vinner av Folkelarmprisen 2016 i kategorien «Tradisjonelt samspill»: Odde/Sulheim/Brimi – Atterljomen. Plateselskap Ta:lik DA
  • Vinner av Folkelarmprisen 2016 i kategorien «Åpen klasse»: Erlend Apneseth Trio – Det Andre Rommet. Plateselskap Hubro
  • Vinner av Folkelarmprisen 2016 i kategorien «Dokumentasjon»: Diverse artistar – Slåttar frå Skjåk. Plateselskap Ta:lik DA

Se sendinga fra NRK Hedmark & Oppland. Opptaket er gjort i samarbeid med FolkOrg og Leoh Productions:

Alle henvendelser vedrørende bilder i forbindelse med pressedekning av konserten og prisutdelingen kan rettes til anbjorg@folkorg.no

Sjå del 1 av Meisterkonserten i Operaen 2016 her! Opptaket er gjort i samarbeid med FolkOrg og Leoh Productions.
Sjå del 2 av Meisterkonserten i Operaen 2016 her! Opptaket er gjort i samarbeid med FolkOrg og Leoh Productions.