Ingar hadde ein særs sterk posisjon som dansefagleg forskar i nasjonal samanheng, og ikkje minst eit glødande engasjement for arbeidet blant Valdres-ungdom, for å styrke og rekruttere folkedansarar i miljøet, gjerne gjennom det nasjonale nettverket sitt. Som lokalhistorikar sette han spor som kjelde og utøvar av forteljekunst, dans og spel. 

Ingar var ein særs musikalsk dansar. Danseframsyninga «Dei gamle er eldst» frå 2018 vart ein suksess, der Ingar igjen fekk røre ved hjarto gjennom dansen sin. Han inspirerte, og han imponerte. Det var eit verdig punktum for ein stordansar gjennom nær 50 år.

Ingar vart fødd i Ranheimsbygde 21. august 1953, og han døydde 25. april 2024.

Som ung gjekk han på dansekurs mellom anna hjå det store førebiletet sitt, Knut Steinsrud, og han fekk sommarjobb som folkedansar på Valdres Folkemuseum frå 1971. Der lærte han mykje av spelemannen Torleiv Bolstad om både kulturforståing, tradisjonsmusikk og dans. Ingar var analytisk og nysgjerrig, og han fekk raskt innsikt i ulike fagområde.

Ingar studerte naturforvaltning ved Høgskolen i Bø i Telemark, men etter kvart skifta han fagleg retning og tok hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo.

Han var med i ei arbeidsgruppe som Trygve Bjørgo sette ned i 1978, for å greie ut om det var mogleg å få til ei folkemusikkline på gymnaset i Valdres. Ingar fekk ein sterk posisjon i fagfeltet historie og folkedans, og han var regelmessig forelesar ved Høgskolen i Telemark, Universitetet i Trondheim og Ole Bull Akademiet. I tillegg har han vore innleiar på tallause seminar i Noreg og i andre land.

 Men det er som utøvar at Ingar har markert seg sterkast. Han har vunne Landskappleiken og andre kappleikar fleire gonger som hallingdansar, og han har sterke plasseringar i pardans og med Vårflaumen i lagdans og lagspel på langeleik. Han har reist på turnear med Rikskonsertane, medverka på tallause konsertar i inn- og utland, og hatt fjernsynsoppdrag frå 1975. På Landskappleiken på Fagernes i 1978 var han sekretær og la grunnlag for arbeidet sitt i LfS (Landslaget for Spelemenn).

Frå sist på 1980-talet bygde han opp eit sterkt rekrutteringsmiljø rundt gruppa «I Valdrestakt», og bidrog meir enn nokon i sin generasjon til å løfte fram breidda i tradisjonsdansen i Valdres. Som tilsett på Valdres Folkemuseum og som privatperson var han på ulike vis med på å leggje grunnlaget for distriktsmusikarordninga for Valdres, som var den fyrste i landet. Han hadde også ei rolle i oppbygginga av Folkemusikkarkivet, folkemusikklina, spelemannsskula, Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko.

Ingar har i tillegg til ulike lokale tillitsverv innanfor målrørsla, historielag og spelemannslag vore leiar i Landslaget for Spelemenn. Her var han dagleg leiar ein periode i ei utfordrande tid med omstrukturering i organisasjonen.

Ingar mottok Rff-prisen (Rådet for folkemusikk og folkedans) i 2009, og han var heiderslagsmedlem i FolkOrg (tidlegare Landslaget for Spelemenn). I 2005 fekk han kulturprisen frå Nord-Aurdal kommune og Haldor Røynes ærespris, som blir utdelt av Valdres folkemusikklag.

Prisar og heider er éi side. Men viktigast er det kanskje å spørja om hallingdansen hadde stått så sterkt i Valdres utan innsatsen til Ingar gjennom eit langt dansarliv. Han var raus, han hadde omsorg for framtida, og han sådde frø hos unge dansarar heilt til det siste. Ingar var i tida, han ville vera med ungdomen, han levde framoverretta og gledde seg stort over dei unge som gjer tradisjonen levande i dag.

Me er mange som vil sakne Ingar, hans tolmod og hans ekte interesse for dansen og folkemusikken. Han har inspirert, begeistra og formidla til fleire generasjonar.

 Minnet om Ingar vil leva vidare.

 

Ingen er barn av i dag.

 Du er barn av dei tusen år. 

Djupt gjennom lag på lagrøtene går.

Knut Hauge

 

For Valdres folkemusikklag

Bente Hemsing, leiar