Bli med på ein spennande workshophelg og form ensembleleiing for framtida! Opplev inspirerande workshops, foredrag, refleksjonar og panelsamtalar om heilskapleg og inkluderande musikalsk leiing. Helga vil gi deg moglegheit å utvida kunnskapane dine og kompetansen din i møte med ulike verktøy, metodar, repertoar, perspektiv og nye nettverk. I tillegg til workshops og foredrag vil det også vera stands frå ulike leverandørar av repertoar og undervisningsmetodikk.
- Outreachprosjekter og inkluderande metodar
- Samspill i praksis og ensemblemetodikk
- Dirigentkurs for musikk- og kulturskulelærarar
Opplev mellom anna:
- Eva Nivbrant Wedin; Notelesing med heile kroppen
- Birgitte Grong: Å få alle til å spela så godt dei kan frå hjartet
- Berit Cardas: Gåsehud (praksis)
- Samspel og tilbod for mangfald
- KOKO prosjektet (praksis)
- Thorn Magnus Reymert: NOR 59 med praktiske døme
- Sturla Eide og Follofeler: folkemusikk i undervisninga (praksis)
- Ingerine Dahl og Muzzi (praksis)
- Elisabeth Lindland og Spor-prosjektet
- Dirigentkurs og introduksjonskurs for musikk- og kulturskulelærarar med Bjørn Breistein (praksis)
- Teknikk-klinikk og individuell veildning med Guro Haugli (praksis)
Workshophelgen 2024 blir gjennomførte i samarbeid med Barratt Due musikkinstitutt, Dei Unges Orkesterforbund, Dextra Musica, Dream Orchestra, FolkOrg, Korpsnett Norge, Nordic Wind Festival, Norges musikkhøgskole, Norges Musikkorps Forbund, Norsk kulturskuleråd, Samspill, Ung i kor, Ung kyrkjesong og Ung musikk.
Det er avgrensa talet på plassar og førstemann til mølla. Det er mogleg å senda påmelding for ein heil kulturskule, organisasjon eller liknande samla. Seminaret og servering blir dekt av Dirigentløftet og overnatting på Voksenåsen kr 1195 pr natt.
Meld deg på i skjemaet i nettartikkelen under eller ved å sende ein e-post til post@dirigentloftet.no innan 15.oktober.
Stad: Voksenåsen kultursenter
Dato: 2. og 3.november
Tid: Laurdag 10 - søndag 16
Mentorar: Berit Cardas, Birgitte Grong, Bjørn Breistein, Elisabeth Lindland, Eva Nivbrant Wedin, Guro Haugli, Ingerine Dahl, Samspill, Sturla Eide,Thorn Magnus Reymert, Sturla Eide med fleire.
Ensemble: Ulike praksisensemble
Fokus: Inkluderande metodar
Målgruppe:
Workshophelga er open for lærarar i kulturskular og ensembleleiarar som jobbar med barn og unge, og dessutan tilsette i utdanningsinstitusjonar og musikkorganisasjonar.
Her kan du lese meir og melde deg på workshophelga (lenkje).