Folkorg logo
Folkorg logo

Introfolk

Introfolk er eit mentor og lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. Introfolk er ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Vidare er det eit mål å vise fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og bidra til å fremje karrieren deira.

FolkOrg gjennomførar Introfolk annakvart år. Introfolk vert i åra 2024, 2026 og 2028 gjennomført med stønad frå Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge.

Tidligare vinnarar av Introfolk er Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015) og Ole Nilssen (2018) Sigrid Stubsveen (2020), Eir Vatn Strøm (2022) og Martin Steinum Brun (2024).