Medlemslag i FolkOrg søkje om tilskot for å gje fleire barn og unge (6-19 år) høve til å delta i instrumentbasert musikkaktivitet frå 1. januar 2025 til og med oktober 2025. Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, og er tildelt av Kultur- og likestillingsdepartementet via Norsk Musikkråd.
Kva kan du søkje om?
Midlane kan brukast til mellom anna rekrutteringsaktivitetar, reduksjon av kontingentar og eigendelar, gjennomføring av konsertar, kurs, seminar, konkurransar, nødvendig utstyr (1) eller samarbeidsprosjekt (2). Drift og ordinær aktivitet er ikkje prioritert i denne tilskotsordninga.
- Nødvendig utstyr: Innkjøp av nye korps- og orkesterinstrument som kan dekkjast av Instrumentfondene blir ikkje prioriterte i denne ordninga. Dvs. joniorlag med eiga organisasjonsnummer kan ikkje søkje om nødvendig utstyr i denne ordninga. Eit “moderlag” som har juniorspelmannslag, juniortoradergruppe, el.l som ein del av si “drift” vil kunne søke om innkjøp av instrument.
- Samarbeidsprosjekt: Med samarbeidsprosjekt siktar ein til tiltak for å nå breitt ut i lokalsamfunnet, slik som samarbeid med kulturskulen, musikk- og kulturråd, skular i nærområdet og andre foreiningar som jobbar med å gi fleire barn eit fritidstilbod.
Målet er å få fleire barn og unge med, auka deltaking og utvikle musikkaktivitetar, og dessutan skaffe kunnskap om kva som fungerer for å rekruttera breiare.
Kven kan søkje?
Ordninga er reservert for lag som planlegg instrumentbasert musikkaktivitet der barn og unge deltek (6-19 år), slik som korps, orkester, spelemannslag, storband og trekkspel- og toraderorkester. Merk at det ikkje er mogeleg å søkje om tilskot til vokal- eller danseaktivitet.
Det er sett av totalt 9,6 millionar kroner til ordninga og følgjande kan få støtte:
• Tiltak for å rekruttera frå nye målgrupper
• Tiltak som forsterkar eller supplerer igangsette satsingar
• Tiltak som styrkjer samarbeid om rekruttering
Nye tiltak vil under denne søknadsrunden bli gjeve prioritet.
Tilskotet blir fordelt i samarbeid med fylkesmusikkråda og musikkorganisasjonane til Norsk Musikkråd. Innvilga tilskot blir utbetalte i byrjinga av januar 2025.
Minimum søknadssum er sett til 10 000 kr og maksimum søknadssum er sett til 100 000 kr. Gjennomføringsperioda for tiltak er 1. januar – 15. oktober 2025.
Det er ikkje krav om ein lang søknad eller rapport, men det er nødvendig med noko informasjon om korleis midlane skal brukast. Dette blir gjort ved å fylle ut eit enkelt søknadsskjema.
Her kan du søke: Støtteordninger - Norsk Musikkråd (lenkje).
Merk at søknadsfristen er 1. november 2024. Søknader blir fortløpande behandla etter frist.
Spørsmål til søknaden og tilskotsordninga? Kontakt Norsk Musikkråd på e-post tilskudd@musikk.no
Foto: Runhild Heggem
PRESISERING FRÅ FOLKORG: Det er viktig å få presisert at sjølv om tilskotsordninga heiter “Rekruttering og deltakelse - korps og orkester” så kan altså ALLE instrumentale ensembler søke, herunder juniorspelmannslag, juniortrekkspelorkester, junior toradergrupper osv. Jo fleire lag som søker jo betre viser vi at det er mange lag rundt om i landet som driv stort med rekruttering.