I handlingsplanen til regjeringa «Alle Inkludert!» løftes medverknad frå barn og unge i utforminga av lokale fritidstilbod som eit prioritert område. Barn og unge har rett til å bli høyrd i alle saker som gjeld dei, og strukturane for medverknaden deira finst mellom anna gjennom ungdomsråd i alle kommunar.

Kulturtanken lyser no ut søkbare midlar, 1 million kroner, til tiltak for medverknad frå barn og unge i det lokale fritidstilbodet, med særleg vekt på utviklinga av kunst- og kulturtilbodet.

Midlane skal gå til å utvikla modellar for medverknad som kan overførast til andre, og dermed bidra til at barn og unge blir involverte oftare og gjennom meir relevante medverknadsmetodar.

Det er ønskjeleg at tiltaka legg opp til samarbeid mellom fleire aktørar.

Rettleiande søknadssum er 200.000 – 500.000 kroner,

 

Kven kan søkje

  • Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret 
  • Kommunar, fylkeskommunar og kommunale/fylkeskommunale verksemder


Enkeltpersonforetak, privatpersonar og kommersielle føretak kan ikkje stå som søkjarar, men det kan inngåast samarbeid mellom aktørar med ulikt interesseformål, eksempelvis mellom profesjonelle og amatørar/frivillige, eller tversektorielle samarbeid.

 

Mål for ordninga

  • Etablere og utvikle gode modellar for medverknad frå barn og unge i det lokale fritidstilbodet, med særleg vekt på utvikling av kunst- og kulturtilbodet, som er overførbare til andre aktørar.
  • Stimulera til samarbeid mellom aktørar som jobbar med barne- og ungdomskultur.
  • Bidra til kunnskapsutvikling og erfaringsdeling. Modellar og erfaringar, konkrete planar som blir laga og dei prosessane som leiar fram til dette må dokumenterast i eit format som er eigna til å delast med andre. Slik vil resultat og erfaringar komma fleire til gode.


Kva kan tilskotsmidlar nyttast til?

  • Utgifter knytt til å involvera kommunale/fylkeskommunale ungdomsråd, eller andre organ for medverknad frå barn og unge, i prosessar, inklusiv honorar.
  • Utgifter knytt til å utvikla samarbeid mellom aktørar på feltet for å styrkja medverknaden til barn og unge i det lokale fritidstilbodet.
  • Kostnader til gjennomføring av medverknadsprosessar og eventuelle aktivitetar som er eit resultat av medverknadsprosessen (møtemat, leie av lokale, honorar og så vidare).
  • Kompetanseheving for søkjarar og unge. 
  • Inntil 10% av søknadssummen kan gå til å dekkja administrative kostnader knytt til drift av prosjektet.
     

Kva kan tilskotet ikkje brukast til?

  • Ordinære driftsutgifter. Med driftsutgifter siktar ein her til utgifter som er uavhengige av prosjektet, til dømes husleige/kontorlokale, straum, og andre gjentakande utgifter.
  • Innkjøp/finansiering av utstyr som er forventa brukte ut over rammene for prosjektet, eksempelvis datamaskiner, møblar, instrument, teknisk utstyr og liknande.
  • Tiltak som allereie er gjennomført.
  • Aktivitetar som er ein del av søkjars ordinære drift.
  • Private, lukka eller på andre måtar ekskluderande aktivitetar. 
  • Premiar eller gåver.
     

Søknadsfristen var 21. oktober kl. 12.00.

Her finn du meir informasjon, med lenke til søknadsportalen og søknadsskjema.