Nyhetsarkiv
-
Landsmøtet i FolkOrg 2026
Neste landsmøte i FolkOrg, vert 24.-25. april 2026 i Oslo. Siste frist for å fremje saker til landsmøtet er 15. januar.
-
Kompensasjon for deltakaravgift for juniorar 2026
Lokallag kan no søkje kompensasjon for deltakaravgift og evt. reise- og overnattingsutgifter for juniorar som har delteke på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2026. Søknadsfristen er 23. september.
-
Landsfestivalens heiderspris 2026
Styret i FolkOrg har oppretta den nye prisen Landsfestivalens heiderspris i høve 40-årsjubileet. Den nye prisen sin fyrste vinnar vart Ivar Schjølberg.
-
FolkOrg får 7,6 millionar frå Dextra Musica til rekruttering
FolkOrg har fått 7 590 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica for perioden 2027–2029. Tildelinga sikrar vidare satsing på rekruttering innan folkemusikk og folkedans over heile landet og vidareføring av arbeidet med FolkleiarUng. Nytt for perioden er eit ekstra fokus på folkesong.
-
Gnist-prisen 2026 til Leikarringen Frøy!
Gnist-prisen 2026 vart offentleggjort sundag 28. juni på Landskappleiken på Hovden.
-
Hallgrim Berg og Olav Sæta utnemnde til heidersmedlemmar i FolkOrg i 2026
Under Landskappleiken 2026 vart Hallgrim Berg og Olav Sæta utnemnde til heidersmedlemmar i FolkOrg.
-
Innspel til KUD om ståa på dansefeltet
I mai inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til dialogmøte om ståa på dansefeltet. Departementet opna også for skriftlege innspel i etterkant. Her kan du lese FolkOrgs innspel.
-
Innspel om NRKs bidrag til mediemangfaldet
Kultur- og likestillingsdepartementet sendte rapporten «NRKs bidrag til mediemangfoldet» på høyring. Rapporten er utarbeiddav Medietilsynet på oppdrag fra departementet. Her ser du FolkOrg innspel til denne høyringa.
-
Kompensasjon for TONO-utgifter for utøvarlag
No kan utøvarlag (lokallag, områdelag og faglag) søkje om kompensasjon for TONO-utgifter. Søknadsfristen er 21. september.
-
Fordeling av Aktivitetstilskot 2026
Stor interesse og rekordmange søknadar prega tildeling av Aktivitetstilskot 2026. Med ein samla pott på 440 000 kroner har 34 søkjarar fått støtte til å skape lokal aktivitet i folkemusikk- og folkedansmiljøet over store delar av landet.
-
Hels på Tusti - vår nye barnemaskot
Tusti er FolkOrgs nye barnemaskot. Tusti kjem til å vere med oss i arbeidet for barn og unge i organisasjonen.
-
FolkleiarUng
FolkleiarUng er eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år. Fristen for å søke om plass i prosjektåret 2026/2027 var 27. august.
-
Innspel frå FolkOrg: Ung friviljugheit treng både røter og rom
FolkOrg var inviterte til å ha innspel på Kontaktkonferansen 2026. Det er Barne- og familiedepartementet som arrangerer denne innspelkonferansen, og temaet i år var "Forutsetnader for barn- og ungdomsfriviljugheit".
-
Revidert budsjett 2026 - intet nytt under solen
FolkOrg og resten av folkemusikk- og folkedansfeltet hadde eit håp om at framlegget av revidert nasjonalbudsjett for 2026 skulle kome med gladnyheiter om løyving til nytt fag- og katalogsystem for folkemusikkarkiva. Det vart ikkje innfridd.
-
Stortingsvedtak 5.mai 2026: Regelstyring av momskompensasjonsordninga for friviljuge organisasjonar
Den 5.mai vedtok stortinget at momskompensasjonsordninga skal regelstyrast. Kva vil dette si for medlemane? Her er ein kommentar frå dagleg leiar i FolkOrg.
-
Ny medlemsfordel for dansarar
FolkOrg har inngått samarbeid med danseutstyrsleverandøren la Danse
-
Årsmelding 2025
Nå kan du lese FolkOrg si årsmelding for 2025.
-
Påmelding Landskappleiken og Landsfestivalen 2026
Nå kan du melde deg på tevling på bade LK og LF
-
Digitale møte for yrkesutøvarar våren 2026
Velkomen til vårens digitale møter for yrkesutøvarmedlemmar.
-
Høyringsinnspel til NOU 2026:1 Ein berekraftig kommunesektor
Her er FolkOrg sitt innspel til NOU 2026:1 Ein berekraftig kommunestruktur , der vi mellom anna problematiserer det presset som kommunane får med trongare økonomi, og at kulturen og friviljugheita truleg lett vert nedprioritert. Stor fridom og mindre øyremerking, og samtidig trongare økonomi, fører til prioriteringspress. Dette kan føre til dårlegare forutsigbarheit for friviljugheita og kulturen.
-
Innspel til statsbudsjettet for 2027
Her er FolkOrg, Noregs Ungdomslag, Riksscenen og Norsk senter for folkemusikk og folkedans sitt innspel til politisk leiing i Kultur- og likestillingsdepartementet om ønska satsingar på statsbudsjettet for 2027.
