Momskompensasjon

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om momskompensasjon gjennom FolkOrg. Fristen er 1. august kvart år. Gjennom momskompensasjonsordninga kan alle lag få refundert ein viss prosent av driftsutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet.
Kven kan søkje?
Lokallag, områdelag, faglag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg kan søkje gjennom sentralleddet.
Viktig å hugse:
- Søkjaren må vera registrert i Frivillighetsregisteret Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. innan søknadsfristen for å få godkjent søknaden. Det kan vera lurt å dobbeltsjekke dersom de er usikre på om de er registrert, ettersom det kan påreknast noko ekstra arbeidstid med dette.
- Det er kun mogeleg å søkje momskompensasjon gjennom EIN organisasjon. De kan til dømes ikkje søkje momskompensasjon gjennom både FolkOrg og Norske Trekkspillers Landsforbund.
Korleis sender ein inn søknad?
Søknad sendast gjennom sentralleddet (FolkOrg) gjennom eige søknadsskjema. Skjemaet finn du i denne artikkelen.
Når må søknaden sendast?
Neste søknadsfrist er 1. august 2026.
Kva skal søknaden innehalde?
Å søkje momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. Alt de treng å gjere er å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i søknadsskjemaet, og sende skjemaet og signert rekneskap med revisjonsberetning for 2025 til FolkOrg.
Søknaden skal innehalde:
- Namn på laget med kontaktinfo
- Organisasjonsnummer
- Driftsutgifter for førre år
- Eventuelle frådrag (gjeld svært få av spel- og dansarlaga – les meir om dette her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.)
- Signert og revidert rekneskap for førre år.
Ny forskrift gjeld frå 1. januar 2026
Underledd som søker momskompensasjon skal ha ei årsmelding, eit godkjent og underskrevet årsregnskap, og revisjonsberetning. Underledd skal kunne sende dokumenta til sentralleddet dersom sentralleddet eller Lotteri- og stiftelsestilsynet krev det for å kontrollere søknaden.
Det nye av året er at rekneskapen skal vere sett gjennom av ein revisor. Denne skal ikkje vere ein del av styret eller ha skrive rekneskapen. Det treng ikkje vere ein autorisert revisor. Døme på enkel revisjonsberetning finn de HER xlsx, 18.4 kB, åpnes i nytt vindu. (excel-fil).
Forskrifta kan du lese her: Forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Krav om årsrapport/årsmelding for 2025
I den nye forskrifta kjem det fram at alle underledd (søkjarar) må vise til dokumentasjon for aktivitet gjennom årsrapport for 2025 eller årsmelding for 2025. Under ser du kva som gjeld for deg som søkjar:
- Lokallag: Må sende inn årsrapport via StyreWeb (denne tel som godkjent årsmelding)
- Områdelag: Må kunne sende godkjent årsmelding dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om det
- Faglag: Må kunne sende godkjent årsmelding dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om det
- Arrangørmedlemmar: Må kunne sende godkjent årsmelding dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om det
Søknad
Frist for å sende inn søknad er 1. august.
Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret for året før er grunnlaget for søknaden, t.d. rekneskapen for 2025 er grunnlaget for søknaden som sendast inn i august 2026.
- Lokallag, områdelag, faglag og arrangørar som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg.
- FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, regionalledd.
- Underledd (lokallag, områdelag, faglag, arrangørmedlemmar) eller aksjeselskap som har driftsutgifter under 7 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.
- Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget, som for eksempel løn og honorar til instruktørar.
Viktige dokument:
- Ofte stilte spørsmål og svar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Utfyllande informasjon om ordninga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Forskrift og momskompensasjonsordninga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
For spørsmål om ordninga, kontakt Live Visdal i FolkOrg, live@folkorg.no / 974 15 515

