FolkOrgs Aktivitetstilskot
.png)
FolkOrg skal gjennom sitt Aktivitetstilskot stø opp om lokal aktivitet, rekruttering og arrangement i heile landet.
Føremålet med denne ordninga er å kunne famne breitt og støtte lokal aktivitet i heile landet. FolkOrgs Aktivitetstilskot vert finansiert med 200 000 kr av FolkOrgs eigne midlar, samt 7,5% av inntektene på inngangsbilettar og deltakaravgift på fjorårets Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Denne tilskotsordninga skal vere ei lågterskel-ordning for medlemar i FolkOrg, og skal vere eit insentiv for lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar, og prosjekt og tiltak som har fokus på aktivitet, rekruttering og/eller opplæring.
Søknadsfristen i 2026 var 15. april
Økonomisk ramme 2026: kr. 440 000
Øvre søknadsgrense: kr. 20 000
Kvar søkjer eg?
Lenke til søknadsskjema for Aktivitetstilskot 2027 vert publisert i februar 2027.
Kven kan søkje?
Enkeltmedlemer, lokallag, områdelag, faglag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg.
Du kan lese meir om medlemskap her: Meld deg inn i FolkOrg Åpnes i nytt vindu.
Kva kan ein søkje tilskot til?
Aktivitetar som får tilskot gjennom ordninga skal vere opne og inkluderande, og må gjennomførast innan eitt år.
Tiltak som gjev aktivitet for mange av FolkOrgs medlemar, og/eller som fører til rekruttering og medlemsauke, vert særskilt prioriterte.
Døme på tiltak som kan få tilskot (i uprioritert rekkjefølgje):
- Dansefestar og/eller miljøkveldar
- Opplæringstiltak, kurs eller seminar
- Opne øvingar/kræsjkurs med fokus på å rekruttere nye medlemmar
- Kompensasjon for reise- og påmeldingskostnader til ungdom som vil delta på kurs og helgesamlingar
- Kurs/seminar for ungdom i styre- og organisasjonsarbeid
- Tiltak som fremjer inkludering og mangfald
Ordninga gjev ikkje tilskot til:
- Nasjonale arrangement
- Prosjekt som allereie er avslutta før søknadsfristen
- Innkjøp av utstyr eller instrument
- Prosjekt som har fått rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica same år.
Budsjett
Søknaden skal innehalde finansieringsplan/budsjett for tiltaket og skal syne både planlagte inntekter og utgifter. Tiltaka bør syne til fleire inntektskilder i form av t.d. stønadsordningar, eigenkapital og billettinntekter/deltakaravgift.
Rettleiar for søknadsskriving
Treng du hjelp til å skrive ein god søknad? Norsk senter for folkemusikk og folkedans har samla nyttige råd og tips som guidar deg gjennom søknadsprosessen – frå idé til ferdig søknad. Rettleiaren viser kva som kjenneteiknar ein god søknad, kva du bør leggje vekt på, og korleis du kan formidle prosjektet ditt klart og overtydande.
Les meir her: Hvordan skrive en god søknad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Rapportering
Rapport skal sendast inn når tiltaket er avslutta, seinast 1. mai året etter.
Rapporten skal kort omhandle:
- Korleis tiltaket vart gjennomført
- Kor mange som deltok på arrangementet/aktiviteten
- Økonomisk resultat av tiltaket
Har du spørsmål om ordninga? Ta kontakt med Live Visdal, live@folkorg.no , tlf: 974 15 515
Tidlegare tildelingar:
Aktivitetstilskot 2026 pdf, 30.6 kB, åpnes i nytt vindu.
Aktivitetstilskot 2025 pdf, 29.4 kB.
Aktivitetstilskot 2024 pdf, 13.1 kB.
Aktivitetstilskot 2023 pdf, 27.2 kB.
Aktivitetstilskot 2022 pdf, 24.8 kB, åpnes i nytt vindu.
Søknadsskjema
Søknadsskjema er no stengt.
