Tid: Laurdag 16. november kl. 10:00 - 13:00
Stad: Intimscenen på Riksscenen

Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I dag gjev FolkOrg stønad til heile 16 prosjekt fordelt på 9 av landets 15 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer FolkOrg seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Det blir presentasjon frå FolkRekrutt Røros, Folkedansespor i Indre Sunnfjord og Dansefolk i Bergen UL Ervingen, som er nokon av prosjekta som har fått rekrutteringsmidler frå Dextra Musica i 2024. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid. 

Seminaret er gratis, påmelding skjer gjennom skjemaet under.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj.

Påmelding innan måndag 11. november. 
Merk at seminaret har begrensa med plasser, så her er det førstemann til mølla som gjeld!
Seminaret er finansiert av Dextra Musica.

 

 

For spørsmål, ta gjerne kontakt: 
Live Visdal
Rådgjevar i FolkOrg
live@folkorg.no 
tlf. +47 97 41 55 15