Om FolkOrg

FolkOrg - med hjarte og engasjement for songen, dansen og spelet
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart stifta laurdag 21. november 2009 som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987).
Organisasjonen har i dag nesten 5000 enkeltmedlemmer og 150 lokale spel- og danselag. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.
Visjon
«Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og framstå som ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon»
FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar og arrangørar. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.
Vi har desse måla
Folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg skal stå sterkt.
- Det skal vere attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og folkedans.
- Det skal vere attraktivt å arrangere kappleikar, kurs, konsertar og dansefestar.
- Det skal vere attraktivt å delta på arrangement og kappleikar.
Folkemusikken og -dansen i Noreg skal vere kjent og synleg nasjonalt og internasjonalt
- Interessa for og kunnskapen om folkemusikk og folkedans skal auke.
- Omtale og bruk av folkemusikk og folkedans skal auke.
FolkOrg skal vere ein viktig ressurs på folkemusikk- og folkedansfeltet.
- Vi skal nytte og synleggjere kompetansen og erfaringa til medlemmene.
- Det skal vere attraktivt å vere medlem i FolkOrg.
- FolkOrg skal vere ein tydeleg og synleg kulturpolitisk aktør.
- FolkOrg skal vere ein attraktiv samarbeidspartnar.
%2052684496405_21dfe9a175_o.webp)
Styringsdokument
Vedtektene syner kva organisasjonen skal arbeide for, og korleis organisasjon skal drivast. Dette er grunnlaget for organisasjonen.
Styringsdokumenta finn du her.
Årsmeldingar og årsmøteprotokollar
Styret i FolkOrg
Styret i FolkOrg har om lag fem møter i året.
Her kan du lese alle styrereferata til FolkOrg
Her ser du kven som sit i styret i FolkOrg

