Organisasjon
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart stifta laurdag 21. november 2009 som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987).
Organisasjonen har i dag nesten 5000 enkeltmedlemmer og 150 lokale spel- og danselag. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.
FolkOrgs visjon er å "engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og framstå som ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon".
FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar og arrangørar. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.

FolkOrgs innspel til NOUen
FolkOrg har levert sitt innspel om NOUen til departementet. Her ser vi styremedlem Tormod Kleiveland overlevere FolkOrgs innspel til statssekretær Trude Storheim.
Statsbudsjettet 2026 - ein kommentar frå dagleg leiar
Kva skjedde med regionale kulturfond? Etter jubelropet i fjor haust da regionale kulturfond kom inn på budsjettet, ser vi allereie påfølgande år at dette ikkje vart den satsinga vi håpa….jpg)
FolkOrg sine støttespelarar
FolkOrg har nokre få men store støttespelarar. Dette er viktige bidragsytarar inn mot arbeidet på folkemusikkfeltet. Og ikkje minst er HM Dronning Sonja FolkOrg sin høge beskyttar.
FolkOrgs eldsjelpris og FolkOrgs lokallagspris
Annakvart år deler FolkOrg ut Eldsjelprisen og Lokallagsprisen. Dette er folk og lag som fortener heider og ære for sin frivillige innsats for folkemusikk- og folkedansmiljøet i Noreg og som…
Landsmøtet i FolkOrg 2025
Velkommen til landsmøtehelg i Oslo! Det blir både eit innhaldsrikt landsmøte, seminarar, landsmøtemiddag og dansefest. Her finn du informasjon om program, saker, sakspapir, vedlegg, osv.
Landsmøtet i FolkOrg 2025
Neste landsmøte i FolkOrg, vert 26. - 27. april 2025 i Oslo. Siste frist for å fremje saker til landsmøtet er 20. januar.
Våre arrangementer
FolkOrg eig tre store arrangement som alle vert gjennomført ein gong per år. Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert arrangert på omgang av ulike lokallag i organisasjonen. Folkelarm vert arrangert…
Protokollar frå Landsmøter og Årsmøter i FolkOrg
Her kan du lese protokollar frå årsmøter og landsmøter i FolkOrg frå stiftinga i 2009. Fram til 2014 var det årsmøter i FolkOrg, det vil seie at det var…
Heidersmedlemmer i FolkOrg
Det er styret i FolkOrg som utnemner heidersmedlemmer i organisasjonen. Heidersmedlemskap i FolkOrg går til den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. Heidersmedlemer skal ha synleg prov…
Aslak Brimi er ny dagleg leiar i FolkOrg!
Etter ei heilskapleg vurdering har eit samrøystes tilsettingsutval og styre i FolkOrg konkludert med at Aslak Brimi er rett person i stillinga som dagleg leiar i FolkOrg.
HM Dronning Sonja er høg beskyttar av FolkOrg
Hennar Majestet Dronning Sonja er høg beskyttar av FolkOrg.

